Statoil startar kartlegging av Lofoten
Statoil har kjøpt resultata frå den omstridde seismikkskytinga til Oljedirektoratet utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statoil startar kartlegging av Lofoten
No skal selskapet finne ut kor mykje olje og gass som finst i området.
Tre somrar på rad har store skip skote seismikk i områda kalla Nordland VI og VII og Troms II. Innsamlinga av data har skjedd i regi av Oljedirektoratet (OD) på oppdrag frå regjeringa. Sidan områda enno ikkje er opna for olje- og gassverksemd, er det berre OD som kan skyte seismikk der.
LES OGSÅ: Ungt fleirtal mot olje i nord
Statoils leitedirektør på norsk sokkel, Gro G. Haatvedt, seier at sjølv om området ikkje er opna for olje- og gassverksemd, er det viktig å kartleggje potensielle ressursar langs heile norskekysten.
– Det er viktig å sjå kvar det er potensial på norsk sokkel for at vi skal kunne dekke opp for produksjonsfallet som kjem etter 2020. Dersom vi skulle stoppe fallet i produksjonen, måtte vi ha gjort eit nytt funn på storleik med Aldous/Avaldsnes kvart andre år, seier Haatvedt. (©NTB)
LES OGSÅ: Teikneseriar mot oljeboring