Vil inkludera fleire i idretten

Særleg jenter med minoritetsbakgrunn er i mindre grad med i idretten.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Dei siste fire åra har inkludering av barn og unge med minoritetsbakgrunn vore det øvste politiske målet til Norges Idrettsforbund (NIF). Framleis gjenstår mykje arbeid.

Undersøkingar syner at barn og ungdom med innvandrarbakgrunn, og spesielt jenter, i mindre grad er medlemmar i eit idrettslag samanlikna med gjennomsnittet i befolkninga.

Vil bruke meir pengar
– Dette understrekar trongen for tiltak retta spesielt mot denne målgruppa, seier assisterande utviklingssjef Arnfinn Vik i NIF.

NIF ynskjer å satse ytterlegare i åra som kjem.

– Vi ser at det ikkje er nok tilbod til personar med minoritetsbakgrunn i dag. Mange ynskjer eit lågterskeltilbod, men det finst ikkje nok av slike tilbod. Det må vi gjere noko med, seier inkluderingskonsulent Stig Blindheim i Hordaland idrettskrins.

Pilot i vest
Hordaland er eit pilotfylke når det gjeld inkludering. Dei nasjonale idrettsforbunda er no i gang med å tilsetje inkluderingskonsulentar òg i andre krinsar.

Dei siste fire åra har Kulturdepartementet løyva mellom sju og åtte millionar kroner til idrett og inkludering. For 2012 har NIF søkt om 9,5 millionar kronar.

Pengane har gått til tiltak retta mot barn og ungdom med innvandrarbakgrunn, med særleg vekt på jenter. I tillegg til tiltak for barn og ungdom frå familiar med låg betalingsevne.

Ordninga får skryt
International Research Institute of Stavanger (IRIS) har på oppdrag frå Kulturdepartementet sett på korleis ordninga har fungert.

Dei konkluderer med at ordninga fungerar etter intensjonane, at det blir lagt til rette for at fleire med minoritetsbakgrunn vert med.

Heile rapporten «Inkludering i idrettslag» finn du her!

Meir enn dobling
Frå 2007 var det 67 tiltak retta mot inkludering og aktivisering av innvandrarjenter. I 2010 var dette auka til 141 tiltak. For inkludering generelt var det 145 tiltak i 2007 og 206 i 2010. Tiltak retta mot å engasjere innvandrarforeldre har auka frå 24 i 2007 til 58 i 2010.

Eit av tiltaka som rettar seg mot innvandrarjenter, er Møhlenpris IL i Bergen. Dei har lågterskeltilbod til minoritetsungdom. Dei byrja i 2010 og har no to volleyballag for jenter.

– Vi ser at mange av jentene aldri har vore med i idrett før. Men når dei kjem her og vert trygge på kvarandre, har dei eit veldig stort utbytte av det. Her kan dei bygge nettverk og vere fysisk aktive. Noko dei vil få igjen for òg utanfor bana, seier leiar i Møhlenpris IL David Martinez.

Les også: Lærer Noreg gjennom idrett!