«Ytringsansvar» er upresist

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I VG seier han at han ikkje synest ordet «ytringsansvar», som AUF-leiar Eskil Pedersen tok i bruk etter terrorangrepet i sommar, er presist nok. 

– Eg synest det er eit upresist omgrep. For eg meiner at vi har eit ansvar for å ytre oss og for å ta til motmæle. Ikkje for å nekte folk å seie noko fordi eg meiner det er dumt det dei seier, seier Stoltenberg til VG. 

Etter terrorangrepet i sommar tok Eskil Pedersen fram uttrykket «ytringsansvar» i den norske offentlegheita og meinte at Framstegspartiet måtte ta ansvar for hatske haldningar i innvandringsdebatten.

– Ytringsfridom inneber blant anna at vi skal akseptere meiningar, standpunkt og ytringar som vi er usamd med, som er provoserande og irriterande. Og det synest eg kanskje er litt forvirrande når vi har denne debatten, fordi eg synest det er lettare å debattere standpunkt enn å debattere om nokon kan ha eit standpunkt, seier Jens Stoltenberg. (©NPK)