Therese Johaug får Dialektprisen

Norsk Målungdom deler ut Dialektprisen 2011 til langrennsløparen Therese Johaug.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 17.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ho har gjort dialekten frå Dalsbygda til ein del av varemerket sitt og er eit fantastisk førebilete for ungdom over heile Noreg, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom.

Dialektprisen til Norsk Målungdom vert delt ut ein gong i året, og går til offentlege personar som har utmerkt seg på ein positiv måte med bruk av dialekt.

– Sjølv om det i dag er meir akseptert enn nokon gong å nytte dialekten sin overalt i samfunnet, er nokre dialektar mindre aksepterte enn andre. Dette gjeld spesielt bygdedialektane på austlandet, og difor er det avgjerande at personar som Therese Johaug syner fram at desse dialektane duger like godt i det offentlege rom som andre dialektar, forklarer Nygård.

– Kvar gong Johaug kjem til orde på TV eller radio syner ho fram dialektmangfaldet i Noreg på ein glimrande måte. Dialekten er ein viktig del av identiteten til mange, og det å høyre Johaug snakke si dialekt med stor sjarm og sjølvtillit, gjer det enklare for ungdom å halde på dialekten sin, avsluttar Nygård.

Landsstyret i Norsk Målungdom har delt ut Dialektprisen kvart år sidan 2001, og prisen har vorte ein av dei mest prestisjetunge språkprisane i Noreg. Johaug er dialektprisvinnar nummer ti i rekkja, og kjem i storfint selskap med mellom andre Eli Kari Gjengedal, Lars Vaular og Ravi.

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest sexy dialekt