Krev lågkarbo på SFO

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er uaktuelt. Barn skal ha eit variert kosthald, ikkje drikka baconfeitt, seier Amund Sørum, fagkoordinator for SFO i kommunen til Drammens Tidende.

Klinisk ernæringsfysiolog Vibeke Landaas ved Rikshospitalet er skeptisk til å gje barn eit karbohydratfattig kosthald. Ho strekar under at barn må ha karbohydrat for å læra og falda seg ut fysisk.

– Det er supert å redusera inntaket av den næringstomme maten som inneheld mykje sukker og kvitt mjøl. Men barn er i kontinuerleg aktivitet og vekst. Dei treng glukose, som er hovudkomponenten i karbohydrat, seier ho.

Ernæringsterapeut Siv Hauge er ikkje einig.

– Alle born bør ete heil, rein og naturleg mat som lågkarbokosthaldet skal bestå av. Eg går så langt som å seie at lettmat, posemat med dårleg fett og lite næring og mat stappet med kunstige stoff er omsorgssvikt av barn. Barn med overvekt, diabetes og kroniske lidingar har skote i været og vi må ta grep.

Ho seier vidare at det ikkje ikke er snakk om å fjerne alle karbohydrat og erstatte dei med metta fett. Det er snakk om å fjerne kvitt mel og sukker, og å redusere inntaket av næringstom mat som kvit ris og pasta.