Gjev IMF gigantlån

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette gjer vi for å tryggja økonomien i Europa. Det vil gje renter og ei trygg plassering og er ein del av ein internasjonal pakke for å stabilisere verdsøkonomien, sa statsminister Jens Stoltenberg (Ap) då han oppsummerte det siste halvåret på ein pressekonferanse.

Statsministeren la til at Noreg tilbyr lånet fordi det er i interesse for landet å skapa orden i verdsøkonomien.

– Slik kan vi sakte, men sikkert koma ut av den krisa vi no er på veg inn i. Det er som ein sakte film, sa Stoltenberg.

I 2009 gav Noreg fondet eit lån på 30 milliardar kroner.

I byrjinga av desember sa finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) at han spesielt har merkt seg at EU-landa er samde om å stilla nye lånemiddel til disposisjon for IMF.

Siktemålet er å gje 200 milliardar euro i form av nye bilaterale lån. (©NPK)