Frivillige meir lykkelege

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi veit at det er ein sterk samanheng mellom lykke og det å arbeide som frivillig, både på samfunnsnivå og på individnivå, seier professor Ruut Veenhoven ved Erasmus University Rotterdam i Nederland til Forskning.no.

Det viser seg at i samfunn der frivillig arbeid er vanleg, er gjennomsnittsborgaren meir lykkeleg enn i andre samfunn, sjølv om han eller ho ikkje arbeider som frivillig sjølv.

Veenhoven meiner frivillig arbeid bidreg til lykke på fleire måtar. Det gir meir sosial kontakt, men aukar også sjansen for å bli kjend med andre utover det frivillige nettverket, fordi det forbetrar dei sosiale evnene til folk.

– Den sosiale intelligensen din er mykje viktigare for personleg lykke enn skuleintelligensen din. Er du sosialt klønete, er det fare for at du kan kome til å bruke for mye av livet ditt framfor TV-en. Frivillige lærer også om demokrati: Å samhandle med andre, byggje eigne nettverk og bidra i breiare avgjerdsprosessar. Alt dette bidreg til lykke, seier professoren. (©NPK)