Keisarleg i Jotunheimen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fire nye band er klare for det sjette kapittelet av festivaleventyret på Eidsbugarden. Omparock frå Jæren, gladrock frå Bergen, køntri frå Kristiansund og rockehumor frå Oslo Aust står på programmet under Vinjerock 2012.

– Dette er ei kruttpakke vi er knakandes stolte av å kunne lansere som ei lita førjulsgåve til publikum, slår festivalsjef Eirik Høyme Rogn fast med eit smil.

Keisar-orkesteret frå Jæren går i keisarlege forspor. Prins Friedrich Karl von Preussen, nevø av keiser Wilhelm I, har sjølv budd på Eidsbugarden.

Ompa-triologi
Kaizers Orchestra har nettopp gjeve ut plate to av tre i sin «Violeta Violeta»-triologi, og den siste delen kjem i løpet av 2012. Kaizers har for mange vorte livebandet over alle liveband, etter at dei mang ei gong i løpet av si drøyt ti år lange karriere har overrumpla publikum med eit inferno av oljefat, pumpeorgel og gassmasker.

Sondre Lerche har på si side halde det gåande omtrent like lenge, men i ein heilt annan stil. Etter at sølvstrupa frå Bergen debuterte med skiva «Faces Down» i 2001 har det gått slag i slag, og Lerche, som no er busett i New York, kom med sitt førebels siste og sjølvtitulerte album i sumar. Det var eit album som mange anmeldarar meinte er blant dei beste han har laga i karriera, så den no 29 år gamle Lerche er meir vital enn nokon gong.

Humor og køntri
Egil Hegerberg har halde det gåande i ein liten mannsalder. Midt på nittitalet dukka han opp i fleire ulike konstellasjonar, blant anna Gartnerlosjen. Omtrent på same tid etablerte han også Bare Egil Band, som seinare stadig har dukka fram att med relativt obskure låtar. I haust har dei som slit sofaen på måndagskveldane kunne følgje Egil si reise rundt omkring i Noreg, kor han har vitja ulike tettstader og byar – som alle blant anna har fått sin eigen sang tilegna frå den omreisande humor- og gitarbanden.

Med seg på turen har han hatt musikarar frå Kristiansundsbandet El Cuero. Dei blir også med på ferda til fjells, både som ein del av bandet til Egil, i tillegg til at dei gjer ein eigen konsert på festivalen. El Cuero kom med albumet «From Mountains to Sand» i mai, og har vorte Noregs eige «amerikana-lokomotiv». Som musikkanmeldar Egon Holstad i Nordlys så fint sa det: «Takk og lov for at El Cuero finst. Hvis ikkje måtte vi ha funne dei opp».

Vinjerock 2012 går av stabelen frå 19. til 21. juli. Desse artistane er førebels klare: Kaizers Orchestra, Sondre Lerche, Montée, Jonas Alaska, Ila Auto, Staut, Bare Egil Band, El Cuero, Rumble in Rhodos, Fagernes Yacht Klubb, Ugle.