Rike vil ikkje ha geiter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 «Geit til ein somalisk familie», «helsesjekk for eit spedbarn» eller «myggnetting til ein familie i flyktningleir» står ikkje øvst på ønskjelista frå dei som har ei årsinntekt på over 1 million kroner, skriv Vårt Land.

Medan 41 prosent av dei som har under 100.000 kroner i årsinntekt, ønskjer seg julegåvene som hjelp, er det berre 24 prosent av dei som tener over millionen som gjer det same, viser ei undersøking frå Kirkens Nødhjelp.

Ei anna undersøking som er gjort av Plan Norge, viser at marknaden for alternative julegåver har auka sterkt dei siste åra. Så mange som kvar tredje nordmann kjem til å leggje slike gåver under treet i år.

– Folk som ikkje har så mykje pengar, sit litt nærare røynda. Materielle gode går ut over dei enkle tinga som kreativitet, eit godt måltid og tid med kvarandre. Det er klart ein ikkje har tid til slikt når ein har eit stort hus, tre bilar, to båtar og to hytter, seier leiar Jan Olav Ryfetten i stiftinga Soria Moria. Stiftinga jobbar for betre rammevilkår for samfunnsnyttige verksemder.

Ryfetten presiserer at han set saka «på spissen,» men meiner uansett at tala viser ein trend han lenge har frykta, og som få har tort å snakke om. (©NPK)

Les meir julenytt her!