Foreslår nytt fag: demokrati

Trond-Viggo Torgersen og resten av Ungdommens maktutgreiing vil starta faget demokrati i skulen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skulen bør i endå større grad enn i dag tilretteleggjaa for at unge kan erfara i praksis kva det vil si å delta i demokratiske prosessar, sa Trond-Viggo Torgersen då han la fram Ungdommens maktutgreiing.

• utvalet foreslår å innføra eit nytt og breitt demokratifag i skulen.
• skuleval skal gjerast obligatorisk, og det skal leggjast til rette for dette også i ungdomsskulen.
• elevar i vidaregåande som deltek i organisasjonsarbeid får auka fråverskvoten til 20 dagar.
• skulane skal opna seg mot organisasjonar og politiske parti.

– Må utgreiast vidare
Janicke Heldal Stray, pedagog og forskar ved Universitetet i Oslo, har skrive doktorgradsavhandlinga si om demokratiopplæringa i skulen. Der påviste ho at skulen lærer elevane om demokrati, men lite om korleis dei blir demokratiske medborgarar.

Ho helsar forslaga velkommen.

– Eg synst det er veldige gode forslag dei har for rolla til skulen. Styrkjar du skulen, så har du også fleire argument for ein lågare stemmerettsalder, seier Stray til Framtida.no.

Ho ventar at forslaga blir utgreia vidare, slik at ein kan få på plass ei plan for korleis ein få meir demokratiopplæring inn i skulen.