Åtvarar mot sterkt abortpress

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Ho meiner det vil vere nærmast umuleg å bere fram barn med avvik, dersom forslaget om ultralyd for alle gravide i tolvte veke, blir gjennomført. I dag gjeld tilbodet frå 17. veke.

– Informasjonen gravide i dag får når det blir oppdaga Downs syndrom eller andre meir alvorlege sjukdommar, er einsidig negativ. Ingen snakkar om korleis ein kan leggje forholda til rette for dei som ikkje ønskjer abort, seier Siri Fuglem Berg til Dagsavisen.

Berg er lege og spesialist i anestesi. Ho opplevde i fjor å få eit barn med alvorleg kromosomfeil som førte til at det døde tre dagar etter fødselen. Kromosomfeilen blei oppdaga i veke 15 i svangerskapet, men sjølv om både Berg og ektemannen fleire gonger blei oppfordra til å ta abort, ønskte dei ikkje det.

Berg meiner ultralyd kan bli brukt på mange positive måtar, men at det ikkje blir lagt opp til det i dag. Ho peiker blant anna på at ein ved å takke ja til ultralyd, kan bli ferdige med å sørgje over at barnet ikkje er som andre barn gjennom svangerskapet.

Ho meiner dei som vel å bere fram eit barn med alvorlege sjukdommar, bør få tilbod om oppfølging, blant anna frå barnelegar og familiar som har opplevd å få eit slikt barn sjølv. Det bør også vere eit tilbod om samtaler med sosionom, psykolog og eventuelt prest, meiner ho. (©NPK)

Faktaboks

Abort er ei avbryting av eit svangerskap. Ein skil mellom spontanabort, òg kalla naturleg abort, der organismen støter frå seg fosteret og på den måten avbryt svangerskapet, og framprovosert abort,  der ein avbryt svangerskapet ved hjelp av legemiddel eller kirurgiske inngrep.
I det norske helsevesenet reknast grensa for skiljet mellom abort og fødsel å gå ved den 22. svangerskapsveka.
Talet på abortar har vore stabilt mellom 13 500 og 16 200 dei siste 30 åra, samtidig med at talet på kvinner i fruktbar alder har stege. Frå 1989 til 2005 sank talet jamnt frå 16 208 til 13 989, men sidan 2006 har talet på abortar vore aukande og nådde 16 073 i 2008. I perioden 1979 til 2008 har det vore utført 436 351 aborter i Noreg.