Rekordmange ville slettast

Aldri før har så mange bede om hjelp frå slettmeg.no som i november i år.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

November månad har vore hektisk for hjelpetjenesta slettmeg.no. Til saman har tenesta vorte kontakta gonger frå publikum som har funne uønska informasjon om seg sjølv på nett.

Dette er ei dobling i høve same periode i fjor, og så langt rekord for tenesta.

Mellom anna tok ei 25 år gamal jente over sine private bilete frå Facebook på ein utanlandsk pornografisk nettstad der det blei etterlyst nakenbilete av henne. Slettmeg.no fekk sett henne i kontakt med administrator av nettstaden som fjerna diskusjonstråden.

Tre på jobb
– Me tre som jobbar her har hatt nok å gjera. For mange menneske er den personlege kontakten med slettmeg.no via chat, e-post eller telefon heilt avgjerande for at dei skal få bukt med krenkingane på nettet, seier prosjektleiar Lars-Henrik Paarup Michelsen.

– Me ser at det diverre er eit skrikande behov for tenesta.

Kontosletting
Av dei som tok kontakt, var det ni prosent som ønskte sletting av uønskt publisering av bilete og åtte prosent som hadde funne falske profilar i sitt eige namn på ulike nettstader. Sju prosent av dei som tok kontakt ville ha hjelp til å sletta søkjemotortreff på nettsider der informasjonen alt var fjerna.

Den største delen, 27,5 prosent, handla om sletting av eigen konto. Spesielt for november var det også ein aukande del av publikum som følte seg lurde til å bli medlemmar av nettsamfunn dei slett ikkje ønskte å vera medlemmar av.

Lurer til å bli medlem
– Den siste tida har me merka ei utvikling der ein del nettsamfunn so og seia lurer folk til å bli medlem gjennom sosial manipulasjon via e-post. Det er særleg nettsamfunna Netlog og Twoo som folk klagar på når det gjeld dette, forklarar Paarup Michelsen.

Ei undersøking som slettmeg.no gjennomførte i september og oktober i år viser at 48,3 prosent fekk problemet sitt løyst straks etter at dei kontakta tjenesta, vert det opplyst i ei pressemelding.