Må bruka 8 milliardar før måndag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Må bruka 8 mrd. før måndag

Når budsjettåret går mot slutten, står framleis 8 milliardar bistandskroner ubrukt på bok.

– Når svært mykje pengar skal ut på slutten av finansåret, blir jo mulegheitene for misbruk større. Pengane kan også bli mindre effektive, seier forskar Elling Tjønneland på Christian Michelsens Institutt (CMI) i Bergen til Aftenposten.

Og slutten av året er berre nokre få dagar unna. Måndag 12. desember er fristen for å dele ut midlar frå årets budsjett.

Tjønneland meiner det norske bistandsbudsjettet har vorte så stort at forvaltinga ikkje har kapasitet til å handtere det.

– Det er aldri populært å seie at ein skal ha større forvalting, men det heng i hop med gode resultat at ein har folk med kapasitet til å styre dette, seier han.

I Utanriksdepartementet (UD) peikar ein derimot på at det slett ikkje er uvanleg å sitje att med store ubetalte summar på tampen av året. Avdelingsdirektør Hilde Bakken i økonomiseksjonen i UD seier enkelte store utbetalingar fell på slutten av året, og ho forsikrar at det ikkje blir slurva berre fordi det er korte fristar i desember.

– Det er føresetnaden at alle tilskot, også på slutten av året, er godt nok kvalitetssikra med omsyn til føremål, måloppnåing og risiko for vanstell og korrupsjon, seier ho til avisa. (©NPK)