Dansk utval vil gje sekstenåringar stemmerett

Unge danskar bør få stemmerett når dei er 16, meiner den danske Valgretskommisjonen.
 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil la danske 16- åringar stemma

Det er Dansk Ungdoms Fællesråd som saman med ein del sentrale politikarar står bak kommisjonen.
I konklusjonen støttar dei seg mellom anna til hjerneforskarar som seier at hjernen til 16-åringar er like fullt utvikla som hos 18-åringar.

– I gjennomsnitt er dei fleste 16-åringar fornuftige nok. Dei som ikkje er det, blir det heller ikkje som 18-åringar, seier barnepsykiater Gideo Slotnik til nettsidene til den danske avisa Politiken.

Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) håpar at resultatet blir det same her i landet.

– Vi håpar utvalet her i Noreg kjem fram til same konklusjon som den danske Valgretskommisjonen og går inn for å styrkja demokratiet ved å innføra stemmerett for 16-åringar i Noreg, seier generalsekretær Martin Østerdal i LNU.

Tysdag 13. desember får han svaret. Då legg eit utval leidd av tidlegare barneombod Trond Viggo Torgersen fram Ungdommens Maktutgreiing. (©NPK)

Bør 16-åringar få stemmerett? Diskutèr gjerne saka i kommentarfeltet under!