80 prosent seier nei til EU

Fire av fem spurde vil ikkje at Noreg skal bli EU-medlem. Det viser ei undersøking som Sentio har laga for Nationen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje målinga seier 79,8 prosent nei til norsk EU-medlemskap. 12,6 prosent seier ja. Sentio har aldri målt så låg EU-støtte i Noreg. Motstanden viser seg i alle aldersgrupper og det er fleirtal både i byar og på bygdene.

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner krisa i Europa er grunnen til den låge oppslutnaden rundt EU-prosjektet. – Det er vanskeleg å tenkje noko anna enn at dette har med krisa å gjere. I tillegg er det ingen parti eller opinionsleiarar som gir uttrykk for at norsk EU-medlemskap er ei viktig sak, seier Petter Haas Brubakk, direktør for næringspolitikk i NHO, til Nationen.

Administrerande direktør Stein Lier Hansen i Norsk Industri trur også at Europa-krisa har påverka opinionen i Noreg. – Det er ein logisk respons på at folk opplever at Noreg går klar av uroa i Europa og at vi greier oss godt. Folk oppfattar ikkje at dette er noko Noreg har interesse av, seier Hansen.

Investor Jens Ulltveit-Moe gav for to år sidan 100.000 kroner til Høgre for at partiet skulle arbeide meir for norsk EU-medlemskap. Han lèt seg ikkje skremme av krisa i Europa.

– Landa sør i Europa må gjennom den same hestekuren som Sverige og Noreg gjekk gjennom tidleg i 90-åra. Vi kom ut av den perioden med økonomiar som var styrkte. Eg trur det same vil skje i Sør-Europa, men det vil jo vere meir støy rundt prosessen. Starten med å skifte ut regjeringane i Hellas, Italia og Spania er likevel lovande, seier Ulltveit-Moe. (©NPK)

Kvifor trur du motstanden mot EU er så sterk?