– Meir interessant for bonden
Meir mat, meir mangfald, smidigare takst, lettare å dela ifrå er målet, meiner Liv Signe Navarsete.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete forsikrar at den nye stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikk skal gjera det meir interessant å vera vestlandsbonde.
– Positivt, men då må vestlandsbonden bli følgd opp med pengar, seier bondelagsleiar Per Hilleren.
Inntektene
Sp-leiaren seier at meldinga har retta spesiell merksemd mot marginalt landbruk, soleis skal vestlandsbønder oppleva at rammene deira blir lettare å verka innanfor.
Men kva med inntektene?
– Det har blitt ei betring for bøndene når ein ser på den prosentuelle utviklinga, denne lina skal førast vidare, seier statsråden.
Ho seier at det ligg komponentar i meldinga som skal stimulera til investeringar i landbruket, denne stimulansen er verdt 300 millionar kroner neste år.
Liv Signe Navarsete trur det er mykje å gle seg over i stortingsmeldinga som blei lagt fram i går. Ho seier at bu- og driveplikten blir halden fram.
– Men me løyser litt opp på frådeling, dei som eig får også litt meir rom på næringsdrift, seier statsråden, og understrekar at det i sum skal bli meir mat, frå både store og småe einingar.
Kortreist
Kortreist mat blir også tilgodesett i meldinga.
– Det har blitt ei viktig næring, varene frå denne delen av landbruket er etterspurt, folk vil ha meir.
– Kva fordelar ligg i meldinga for denne delen av landbruket?
– Stimulansane skal rettast meir lokalt, det blir lagt opp til ei regionalisering på desse verkemidla, seier Liv Signe Navarsete, og trur det vil bli godt motteke når regjeringa no løyser opp på takstsida.
Tydelegare
Bondelagsleiar Per Hilleren etterlyser ein tydelegare bodskap på korleis regjeringa har tenkt seg at bonden sin økonomi blir betre sikra.
– Meldinga kunne vore tydelegare i pengevegen, å ta vekk produksjonskravet for så å dela ut kulturlandskapstilskot medverkar ikkje til meir matproduksjon, seier bondelagsleiaren, og er redd det kan leggja trøbbel i vegen for bønder som ynskjer større areal for reell matproduksjon.
Til neste år
– Friske midlar til jordbruket må koma allereie ved jordbrukstingingane neste år, seier Per Hilleren.
Det er ti år sidan sist det kom ei stortingsmelding om landbruket.