Vinjerock utseld på tre timar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er enormt priviligerte, men kjenner også på det valdsamme forventingspresset dette fører med seg. Ikkje at vi nokon gong har vurdert å ikkje levere meir enn forventa, men dette set liksom ein ekstra spiss på det heile. Det er utruleg kjekt å kunne nytte all energi på å lage best mogleg innhald i staden for å måtte bruke all tid på å selje billettar, seier festivalsjef Eirik Høyme Rogn til Framtida.no.

På lista over artistar finst blant andre Jonas Alaska, Montée og Rumble in Rhodos – i tillegg til ein eksklusiv Staut-konsert.

Arbeidet med å finne artistar til Vinjerock 2012 har pågått sidan tidleg i haust, og festivalsjefen kan love fleire artistslepp i tida som kjem. Totalt skal 25 plassar i programmet fyllast opp fram mot sumaren.

– Allereie i midten av desember skal vi lansere fleire namn, blant anna eitt av dei som hamnar øvst på plakaten neste år, fortel Eirik Høyme Rogn.

Vinje som bluegrass
Blant namna i det fyrste artistsleppet finst også to lokale innslag. Bandet Ugle, med vangsgjeldingen Jogeir Daae Mæland i front, tek turen til Eidsbugarden i juli. Det gjer også Staut, som gjer ein eksklusiv Valdres-konsert for sumaren 2012 ved Bygdins breidder.

På lista står òg Ila Auto, som også spelte på festivalen i 2010. Neste år kjem dei derimot attende med eit litt annleis konsept: Gamle tekstar etter Aasmund Olavsson Vinje skal kleast opp i bluegrass-drakt og framførast for fjellrockarane.

– Det gler eg meg vanvittig til, og det blir ekstra kjekt å endeleg kunne heidre Vinje også gjennom musikken, seier ein godt nøgd Høyme Rogn.

Hardrock og mjukrock
Oslobandet Montée, med Anders Tjore og Maya Vik i front, kom med albumet «Rendition of You» tidlegare i vår, og fekk store terningar kasta etter seg. Det same gjorde dei superenergiske indie-punkarane i Rumble in Rhodos frå Follo, som kom med albumet «Signs of Fervent Devotion» på forsommaren. Båe har vore i toppen av listene når dei beste norske skivene i 2011 skal oppsummerast.

I tillegg kjem også Jonas Alaska til Jotunheimen. 23-åringen frå Åmli i Aust-Agder har gjort storeslem det siste halvåret, etter å ha sjarmert festivalpublikummet på Øyafestivalen i sumar i senk. I haust kom det sjølvtitulerte debutalbumet, og singlane «October» og «In the backseat» har snurra jamnt på dei største radiokanalane i haust.

Vinjerock 2012 går av stabelen frå 19. til 21. juli.