Mannen tysk presse kallar «the future of jazz» – Karl Seglem – skriv tingingsverket til Vossa Jazz 2012.

Nils Kvamsdal/Avisa Hordaland
Nils Kvamsdal/Avisa Hordaland
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

Årdølen Seglem har i snart ein mannsalder markert seg som ei særmerkt røyst innan jazzen.

Hans varemerke har vore den svært tydelege folkemusikkinspirasjonen, og han har heile vegen traktert bukkehornet og saksofonen side om side.

– Arven etter Garbarek
Dagbladet sin jazz-guru Terje Mosnes har skrive at Karl Seglem er den som har vidareført arven etter Jan Garbarek på den mest kraftfulle, personlege og eigenarta måten. Også utanlandske jazzskribentar har peika på dette poenget.

Seglem fekk i fjor norsk jazz si høgste utmerking, Buddyprisen. Han har også motteke Edvardprisen og i år fekk han Folkelarmprisen i open klasse for CD‘en Ossicles.

Seglem har alt avgjort at verket han skriv for Vossa Jazz skal ha tittelen «Som spor». Han har sagt at verket vil vidareutvikla dei musikalske landskapa han har utforska i CD‘ane Femstein, Urbs og Ossicles.

Tingingsverket 2012 vert det 31. i rekkja, og urframføringa vert i Vossasalen på Park Hotel Vossevangen laurdag 31. mars.

Moldestad og Høgemo
Seglem har også plukka sitt mannskap, og som vanleg når det gjeld tingingsverket på Vossa Jazz, er dei henta frå hylla heilt oppunder taket: Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo på hardingfeler, Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo på tangentar, Stefan Bergman på bass og gitar og Kåre Opheim på trommer og perkusjon.

Seglem er, tradisjonen tru, luke nr 1 i Vossa Jazz sin adventskalender, som fram mot jolaftan vil avsløra godbitar frå programmet, dag for dag.

Les saka i Avisa Hordaland!

Sjekk denne videoen frå YouTube:

Og denne frå Vimeo:

Karl Seglem – Din Folketone from Karl Seglem on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE