Ni av ti nordmenn et ribbe eller pinnekjøtt på julaftan.

mm

– Tradisjonane til jula med bestemte matrettar står ekstremt sterkt i folkesetnaden, seier direktør Anne Mari Halsan i MatPrat, Opplysningskontoret for egg og kjøt.

Rett etter jul i fjor gjennomførde Synovate ei stor undersøking for MatPrat om kva vi åt og gjorde jula 2010.

58 prosent svarte at tid saman med familie og vener er det aller beste med jula. Avkopling frå kvardagen kjem på andreplass, følgt av god mat og drikke. Berre to prosent meiner julepresangar eller feiringa av Jesu fødsel er det beste med jula.

Føretrekk kjøt
Dei aller fleste, 96 prosent av folkesetnaden, feirar jul. Men her er det skilnader, i Oslo seier ni prosent at dei ikkje feirar jul.

På julaften er svineribbe den store vinnaren på middagsbordet. 55 prosent et ribbe, medan 35 prosent svergar til pinnekjøtt.

LES OGSÅ: Vil ikkje ha nissar på Vest- og Sørlandet

– Pinnekjøtt har auka utbreiinga noko det siste tiåret, men vi kan vel seie at begge rettane er julaftanfavorittar, sidan ni av ti et det eine eller det andre, seier marknadsanalytikar Gunnar Thoen i MatPrat.

Det er fire prosent som svergar til kalkun og tre prosent som føretrekker svinestek. Lutefisk og torsk er det svært få som et, høvesvis to prosent og ein prosent.

– Sju av di austlendingar et ribbe, medan sju av ti vestlendingar et pinnekjøtt. Det er stabile og sterke tal for desse rettane, seier Gunnar Thoen.

I Nord-Noreg er òg ribbeetarane i fleirtal med 62 prosent.

Mange spørsmål
MatPrat merkar juletrykket allereie frå slutten av november.

– Trafikken på nettstaden vår aukar, media er veldig oppteke av julematen, og vi får kvart år hundrevis av spørsmål til servicetelefonen vår SOS Julemat, seier direktør Anne Mari Halsan til newswire.no.

LES OGSÅ: Slaktar pinnekjøt-telefon

Medan få er redd for å svi julegrauten vesle julaften, er det mange spørsmål om sprø svor og mat som ikkje er tint.

– Mange drøyar litt for lengje med å ta både juleribba og nyttårskalkunen ut av fryseboksen. Nyttårskalkunen, som kvar tredje nordmann et, er det lurt å tine i kjøleskapet i tre døgn før han skal steikast, seier ho.

GÅ TIL JULESIDENE VÅRE!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

ANNONSE