Her går høgfartstoget raskast
Høgfartstog kan kome til å droppe Dovre og Hallingdal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her kan Noreg få høgfartstog
Høgfartsbanane mellom dei store byane i Sør-Noreg kan også betene distrikta, meiner høgfartsutgreiinga, som tysdag la fram fire delrapportar.
Til no har lyntoga først og fremst vore sett som ei erstatning for flytrafikken mellom dei største byane.
Leiaren for høgfartsutgreiinga, Tom Stillesby, meiner likevel det går an å lage trasear som kombinerer kort reisetid mellom storbyane og fleire stoppestader undervegs.
– Vi vil prøve å binde distrikta saman med fleire stopp enn det som er vanleg i Europa. Det er for å plukke opp marknaden undervegs. Det betyr ikkje at togturen vil ta svært lang tid, for alle toga treng ikkje å stoppe på same staden kvar gong, seier Stillesby til Bergens Tidende.
Basistog med fleire stopp
Det britiske konsulentfirmaet Atkins foreslår eit ruteopplegg der dei skil mellom basistog og ekspresstog, begge tog med toppfart på 330 km/t. Basistoga skal gå éin gong i timen og ha stopp på fleire store og mellomstore stasjonar, ekspressen stoppar berre på hovudstasjonane.
Atkins foreslår fire ekspresstog om morgonen og fire om ettermiddagen.
Dermed kan vanlege lyntogavgangar mellom Oslo og Bergen få stopp på Hønefoss, Geilo og Voss. Med andre trasear kan både Drammen, Kongsberg, Røldal og Odda komme på ruteplanen. Reisetida blir i alle høve på under 2 timar og 15 minutt.
LES OGSÅ: – Stort potensial i Stavanger – Bergen-tog
Mellom Stavanger og Bergen er det foreslått stoppestader enten i Haugesund eller i Odda, Røldal og Haugesund. Reisetida blir da på under 1 time og 28 minutt.
Haukeli-alternativet til Bergen kan altså gjere Røldal til knutepunkt vestpå med linjer vidare til Haugesund og Stavanger. Ein annan variant mellom Oslo og Stavanger følgjer kysten og har stoppestader i Drammen, Porsgrunn, Arendal, Kristiansand, Mandal, Egersund og Sandnes. Over Røldal vil den nye «Sørlandsbanen» ta 2 timar og 27 minutt, langs kysten dryge tre timar.
Sparer tid i Østerdalen
På strekninga Oslo– Trondheim blir det også foreslått mange stoppestader, enten banen blir lagt til aust- eller vestsida av Mjøsa gjennom Gudbrandsdalen eller gjennom Østerdalen. Gjennom Østerdalen er det foreslått stopp på Gardermoen, Hamar, Elverum, Rena og Tynset, gjennom Gudbrandsdalen på Gardermoen, Gjøvik/Hamar, Lillehammer, Otta, Oppdal. Banen er i alle høve tenkt å ende på Værnes. Østerdal-alternativet kan få reisetida ned i 2 timar og 3 minutt, mot nesten tre timar gjennom Gudbrandsdalen.
LES OGSÅ: Kleppa: – Eg er lyntog-entusiast
Utgreiinga vurderer også alternativ med tog som har toppfart på 250 km/t og enda fleire stopp undervegs.
Intercity-trianglet først
Det er i alle høve lagt opp til at Intercity-triangelet rundt Oslo, banane til Lillehammer, Skien og Halden, blir prioritert og bygd ut med dobbeltspor før ein tar fatt på lyntogstrekningane til Vestlandet og Trøndelag.
Stillesby-utvalet skisserer i alt 17 ulike alternativ. Kva som er dei beste, vil utgreiarane ikkje meine noko om før sluttrapporten blir lagt fram i januar 2012. Da skal høgfartsutgreiinga også konkludere om lyntogutbygging i Noreg kan vere samfunnsøkonomisk lønnsamt, noko alle dei lyntogvennlege partia på Stortinget set som vilkår. Alle partia på Stortinget unntatt Frp vil ha lyntog så sant reknestykket går opp. (©NPK)
Kvar meiner du toga bør gå? Raskast veg, eller innom flest mogleg tettstader undervegs?
Faktaboks
Ifølgje NRK.no har konsulentbyrået Atkins rekna seg fram til desse reisetidene med desse stoppestadene:
Oslo–Bergen, via Hallingdal. 2 timar, 27 min, 50 sek. Stoppar i Oslo, Hønefoss, Geilo, Myrdal, Voss og Bergen
Oslo–Bergen, via Numedal. 2 timar, 36 min, 42, sek. Stoppar i Oslo, Drammen, Kongsberg, Geilo, Myrdal, Voss og Bergen.
Oslo–Bergen, via Haukeli. 2 timar, 15 min, 51 sek. Stoppar i Oslo, Drammen, Kongsberg, Røldal, Odda og Bergen
Oslo–Trondheim, via Gudbrandsdalen. 2 timar, 59 min, 21 sek. Stopper i Oslo, Gardermoen, Hamar, Lillehammer, Otta, Oppdal og Trondheim
Oslo- Trondheim, via Østerdalen. 2 timar, 11 min, 43 sek. Stoppar i Oslo, Gardermoen, Elverum Parkway, Tynset og Trondheim
Oslo–Trondheim, via Gjøvik/Gudbrandsdalen. 2 timar, 35 min, 27 sek. Stoppar i Oslo, Gardermoen, Gjøvik, Lillehammer, Otta, Oppdal og Trondheim
Oslo–Stavanger, via Haukeli. 2 timar, 27 min, 34 sek. Stopper i Oslo, Drammen, Kongsberg, Røldal, Haugesund og Stavanger.
Oslo–Stavanger, via Kristiansand. 3 timar, 31 min, 21 sek. Stoppar i Oslo, Drammen, Tønsberg, Torp, Porsgrunn, Arendal, Kristiansand, Mandal, Egersund, Sandnes og Stavanger
Oslo–Göteborg. 2 timar, 18 minutter, 17 sek. Stoppar i Oslo, Ski, Moss, Fredrikstad, Sarpsborg, Halden, Trollhättan, Göteborg
Oslo–Göteborg. 1 time, 40 min, 22 sek. Stoppar i Oslo, Sarpsborg, Trollhättan og Göteborg.