Vil henta straum frå verdsrommet

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flygande kraftverk som kan samle solenergi og stråle det til jorda verkar «teknisk og økonomisk mogleg» om nokre få tiår basert på teknologi vi allereie no har klare til bruk, hevdar ein rapport frå International Academy of Astronautics (IAA).

– Det er klart at solkraft henta frå rommet kan spele ein ekstremt viktig rolle for å kunne mette globale energibehov i det 21. hundreåret, seier John Mankins, til Reuters.

Rapporten vart og presentert som den første med internasjonale vurderingar av potensielle vegar til å samle solenergi i rommet og levere denne til marknadar på jorda via ei trådlaus overføring.

Solkraft frå rommet er ei potensiell langsiktig energiløysing for jorda med svært god effekt for miljøet, hevdar National Space Agency, ifølgje Reuters.

Mikrobølgjer
Planen er å la først ein, deretter nokre til, og til slutt 50 eller meir soldrevne satellittar sirkle ikring jorda over ekvator. Kvar av desse er fleire kilometer breie og vil samle sollys opp til 24 timar kvart døgn, samanlikna med maksimalt halvparten av dette for jordbaserte solpanel som no blir brukt til å gjere sollys til elektrisitet.

Solkrafta vil bli konvertert til elektrisitet ombord og sendt til kor som helst på jorda gjennom ei massiv mikrobølgeantenne eller av laserstrålar og deretter til ett straumnett.

For høg pris?
Skeptikarar tvilar på at konseptet nokon gong vil kome i gang om ikkje kostnadane av å sende opp ein kommersiell kraftsatellitt blir langt mindre. Det blir og peika på andre hinder som drivande skrot i rommet, mangel på marknadsstudie og generelt høge utviklingskostnadar.
For å utvikle og sette i bruk ei flåte av slike satellittar som skal kunne utnytte solkrafta maksimalt vil prisen fort bli minst 20-30 milliardar dollar eller meir, estimerer rapporten.

Kva kan du om verdsrommet? Prøv vår quiz her

Internasjonal interesse for konseptet har vakse mykje dei siste ti åra, særleg grunna redsel for at den globale produksjonen av olje og andre fossile drivstoffskjelder vil toppe seg og gå nedover medan behovet for elektrisitet vil gå kraftig oppover.
Jeff Peacock, leiaren av satellittbyggarselskapet Boeing Co si solcelleproduktsavdeling i USA, hevdar til Reuters at i teorien kan ein klare å samle opp mot dobbelt så mykje solkraft frå rommet samanlikna med det vi klarar å samle på jorda med teknologien vi har i dag.