Satsar på luksus på E39

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag 8. desember startar kvar sin buss frå Bergen og Stavanger.

Det er selskapet Nettbuss Ekspress som står bak tilbodet. Totalt seks bussar skal inn i ruta mellom storbyane på Vestlandet, som skal innom Leirvik, Føyno og Haugesund på vegen. Nokre av bussane går og til Sandnes.

Ny oppleving
– Me skal kapra dei kundane som vil ha kvalitet og komfort, seier Bjørn Morten Vold, administrerande direktør i Nettbuss Ekspress.

Selskapet har kjøpt inn seks nye bussar, som kvar kostar tre millionar kroner. Bussane har ei rad med enkle sete, og ei rad med doble sete. Billettane kan berre kjøpast på nettet, og det er ikkje mogleg å gå på utanom dei ordinære stoppestadene.

– Vår målsetjing er ikkje å konkurrera med kystbussen. Me skal gje reisande ei ny oppleving, seier direktøren.

Kva trur du om det nye tilbodet. Sei di meining på vårt debattforum.

Trådlaust nett
Sunnhordland fekk i går komma om bord i ein av bussane, som var innom Leirvik på testtur. Der lukta det nytt.

Omar Sadiq, digitalsjef i Nettbuss Ekspress, seier dei har kombinert det beste frå buss med det beste frå fly. Han samanliknar seta i bussen med seta på businessclass på fly.

– Dei som monterte seta på fabrikken kommenterte at dette var gode sete, seier han.

Sadiq fortel at dette er den første busstrekninga der ein kan reservar sete på nettet. Og meiner det er framtida, også for bussreisande.

– Våre kundegrupper er framfor alt studentar, pendlarar og ferie- og fritidsreisande. Studentar er veldig framtidsretta, seier han.

Allereie no er billettsalet i gang, og direktør Vold seier dei er nøgde så langt. Trass i at dei ikkje har starta opp enno.

Konkurranse triggar
Men eitt punkt kan sjølv ikkje luksusbussar løysa. På ferjene må alle passasjerane gå av bussen.

– På ferjene er det kapteinen som er sjefen. Der er det ikkje lov å sitja om bord i bussen. Men me trur passasjerane vil setja pris på å kjøpa seg ein matbit eller ta seg ein luftetur på ferja, seier Vold.

Mellom 2004 og 2006 dreiv Sverre Haga Kystxpressen mellom Stavanger/Sandnes og Bergen i konkurranse med Kystbussen. Han la ned etter å ha tapt store pengebeløp.

Driftssjef Henning Vestvik i Kystbussen ynskjer konkurransen velkommen.

– Konkurranse triggar oss. No må me fokusera på å gje våre kundar eit enno betre tilbod, seier Vestvik.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!