Granbar på døra, ribbe og lutefisk i butikkane og frå radioen ljomar “Stille natt”. Det er ikkje tvil. Snart er det jul. Men gleder du deg?

Ifølgje Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) gruer 200.000 barn seg til jul. Det som skulle vere ei tid for glede, blir ei tid for frykt. Barna får jula øydelagt. Kvifor? Vaksne sitt overforbruk av alkohol.

Me nordmenn har aldri drikke så mykje alkohol som no, og forbruket er særleg høgt i juletida. Kvar desember er “fuktigare” enn året før. Kampanjeorganisasjonen Av-og-til melder at heile 522 000 nordmenn kjem til å drikke mykje eller svært mykje i laupet av julekvelden. Det går utover barna.

Mange vaksne har eit sunt forhold til alkohol og nyt det med måtehald. Likevel, promillen skal ikkje vere høg før ein oppfører seg litt annleis. Og med den hyggelege samtalen, god juletorsk og stemningsfull musikk – plutseleg drikk ein litt meir enn planlagt. Den eigentleg så snille og merksame forelderen blir uinteressert, egoistisk og oppfører seg “rart”. Nokre foreldre blir til og med valdelege og elles ute av stand til å ta seg av barna sine.

Det er lite som tyder på at problemet vil bli mindre i framtida. Tendensen dei siste tiåra er klar, og alkoholen blir ikkje akkurat dyrare. I tillegg kan alkoholreklame snart bli lovleg å fjernsyn, sjølv om nordmenn flest er sterkt imot det. Kvifor? Eit omstridd EU-direktiv som nektar Noreg å reversere seg mot alkoholreklame frå utlandet. Regjeringa skal ha ros for å ha prøvd å forhandle seg unna direktivet. Men når det ikkje lukkast, må me bruke vetoretten. Å la vere er eit hån mot demokratiet, norske folkehelse og mot alle som lid på grunn av alkoholmisbruk.

Fortsatt forbod mot alkoholreklame er i seg sjølv ikkje nok til å sikre barn ei god jul. Som medmenneske har me eit ansvar når me ser at andre slit. Me kan observere misbruk hos naboar, blant venner, i familien eller hos andre. Det er lett å tenkje «eg bør ikkje blande meg». Likevel, når barn ikkje har det bra, då angår det oss alle. Fordi jula er ei sårbar tid, har me bruk for ekspertar som kan gi oss råd om kva me skal gjere om me er redde sjølve eller uroa for andre. Dersom forholda er riktig ille, må profesjonelle få sjansen til å gripe inn. Difor har me bruk for ei døgnopen barnevernslinje heile jula, så barn i krise kan få hjelp.

I tillegg må me støtte opp om den fantastiske innsatsen mange frivillige gjer for å hjelpe barn og vaksne som lid i jula. Samstundes kan ikkje staten overlate heile ansvaret til Kirkens SOS, Røde Kors og Blå Kors.

Vidare må me hugse på alle barna som gruer seg til kvar dag, fordi foreldra slit med alkoholmisbruk. Me må difor leggje til rette for behandlingstilbod for heile familiar med rusproblem. Dessutan må me støtte opp om frivillige lag og organisasjonar som driv opplysnings- og haldningsskapande rusarbeid. I tillegg burde alkoholen i matbutikkane flyttast til eige avlukke. Menneske med eit rusproblem burde sleppe å møte alkoholen kvar gong dei skal kjøpe mjølk og brød. Såleis får ikkje barna berre ei god jul, dei får ein betre oppvekst.

God jul!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE