– Sverige flinkare enn Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I talen sin måndag på Zero-konferansen på Gardermoen trekte Giddens fram Sverige som eitt av dei aller flinkaste landa i klimaklassen. Innsatsen til Noreg er mindre imponerande, meiner den verdskjende sosiologen.

– Små land kan vera svært viktige som døme på korleis miljøvennlege løysingar kan setjast i verk, understreka Giddens.

Han teikna opp eit dystert bilete av framtida i verda dersom det ikkje blir teke drastiske grep for å avgrensa klimaendringane.

PRØV DEG PÅ KLIMAQUIZEN VÅR!

– Vi er ein sivilisasjon som har flytta oss heile ut på kanten. Vi gamblar med framtida vår, åtvara Giddens.

Han meiner det er ein sjanse for at dei såkalla klimaskeptikarane har rett, og at klimaendringane blir mindre alvorlege enn dei fleste forskarane reknar med. Men Giddens trur ikkje sjansen for dette er større enn 5 prosent.

– Ville du sett deg i eit fly som hadde 5 prosent sjanse for å koma fram? spurde den britiske professoren retorisk. (©NPK)

LES SISTE KLIMANYTT HER!

Faktaboks