Samlast i kampen for klimaet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får det meir ekstremt

Denne månaden køyrer 160 ungdommar frå Afrika, Europa og Amerika den lange vegen frå Nairobi til Durban saman. Karavanen er ein del av kampanjen ”We have faith – Act now for climate justice”, og målet med turen er å skape merksemd om klimaendringane og klimatoppmøtet i Durban.

Ungdommane reiser gjennom Kenya, Tanzania, Malawi, Zambia og Botswana til Sør-Afrika, og har konsertar i kvart land. Med på turen er 50 norske ungdommar frå Changemaker, Kirkens Nødhjelp og KFUK-KFUM.

Karavane frå Nairobi til Durban
Brorparten av deltakarane er likevel afrikanske ungdommar frå mange forskjellige land. Ein av dei er Heather Maseko (19) frå Malawi. Ho studerer pedagogikk og er medlem av National Youth Network on Climate Change of Malawi .

Heather har lenge jobba med å spreie kunnskap blant studentar om klimaendringane., blant anna gjennom å lære folk å resirkulere. Ho er også med i det afrikanske klimanettverket Afrikan Youth Initiative on Climate Change, på vegne av Malawi. Det var dei som kom opp med ideen til ein klimakaravane då det blei klart at neste klimatoppmøte skulle arrangerast i Sør-Afrika.

– Denne karavanen er ein utruleg bra ide. At COP17 blir heldt i Durban, er ein stor moglegheit for afrikansk ungdom til å påverke, seier Heather.

Merkar klimaendringane
Klimaendringane har gjort naturen meir ekstrem i heimlandet hennar Malawi. Landbruket blir påverka av endringane i vêret, og dermed blir matvaretryggleiken truga. Det har også blitt meir malaria fordi det blir varmare, og meir av sjukdommar som kolera.

– Vi opplever meir tørke og at fleire elever som går over breddene enn før. Tørke og flom er ikkje noko nytt, men dei er blitt alvorlegare og meir omfattande enn før, fortel Heather.

QUIZ: Prøvd deg på den store klimaquizen!

Ho sit utanfor teltet sitt på ein leirstad i Zambia. Karavanen køyrte over grensa tidlegare på dagen, og i morgon tidleg går turen vidare til hovudstaden Lusaka. Der ventar enda ein stor klimakonsert. For Heather og dei andre ungdommane frå Malawi er klimaendringane noko som gjeld dei.

– Ungdom blir påverka av alt dette. I Malawi utgjer ungdom over halvparten av befolkninga. Dei er dessutan morgondagens leiarar, legg ho til. Heather meiner difor at kampanjen er ei viktig plattform for ungdom som vil ta ansvar for framtida.

– Vi er ikkje aleine
I slutten av september lanserte dei ”We have faith – Act now for climate justice” kampanjen i Malawi. Sidan då har dei samla inn over 40.000 underskrifter for ei rettferdig og juridisk bindande klimaavtale.

Kampanjen krevjar ei rettferdig, ambisiøs og juridisk bindande klimaavtale.

– Når vi samlar inn underskrifter får vi også forklart folk kva klimaendringane er, seier Heather.

Då karavanen reise frå Lilongwe, blei ho og sju andre frå Malawi med på turen vidare. Ho skal reise med karavanen ned til Durban, og så opp igjen til Malawi etterpå.

– At så mange land er med på denne turen syner at ungdom står saman. Når vi reiser gjennom desse landa ser eg at vi ikkje er aleine om å kjempe mot klimaendringane, smiler Heather.

Faktaboks

COP17 – Durban
– 28. november byrjar Den internasjonale klimakonferansen til FN byrjar, COP17, i Durban i Sør-Afrika.
– Målet med årets konferanse er å koma vidare med arbeidet med å bli samde om forpliktande tiltak som kan redusera klimautsleppa. Eit sentralt punkt vil vera ei vidareføring av Kyoto-avtalen.
– På klimakonferansen i Cancun i fjor kom ein lenger enn venta. Mellom anna blei det vedteke at snittemperaturen i verda ikkje skal bli 2 grader meir enn før-industriell tid og avtalt å oppretta eit fond for å finansiera klimatiltak i u-land.
– I tillegg til representantar frå regjeringar verda over, vil frivillige organisasjonar og aktivistar delta med fleire tusen deltakarar på konferansen.

Les meir om karavanen her!