– Ein siger for norsk økoturisme

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Økoturisme har no fått eit bevis på at vi kan bety ein skilnad også i Noreg, ikkje berre i utlandet, seier ein oppglødd dagleg leiar i Høve Støtt, Pål Medhus.

Smørblid og bunadskledd tok han onsdag imot Reiselivsprisen 2011 på tilstellinga Skaperkraft i Oslo.

– Høve Støtt satsar på kortreiste opplevingar og er svært kreative når det kjem til å skape uforgløymelege og grøne opplevingar i høgfjellet. Dei er eit godt døme på ein innovativ opplevingsprodusent, seier Per-Arne Tuftin, reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg.

Prisen blei delt ut av Innovasjon Noreg, og er på 200.000 kroner. Langedrag naturpark og Thon Hotel Lofoten var også nominerte, men blei slått av den nyskapande geilobedrifta.

Satsar lokalt
– Det heile starta med at vi kalla oss Høve Støtt. Det blei nok sett på som både underleg og modig av andre, seier Pål Medhus.

Sidan 2008 har bedrifta utvikla seg til å bli det dei kallar ei opplevingsbedrift, og tilbyr alt ifrå trolske trugeturar, reinsdyrsafari eller tandemguiding på sykkel. Eit viktig mål er at aktivitetane skal gjere færrast muleg inngrep i naturen.

– Vi tør å tru på det lokale, og har reindyrka det å vere halling og dialekten vår. Men det hjelper ikkje å berre snakke hallingdialekt, ein må også drive med kvalitet, påpeikar Medhus.

Pusterom
– Prisen gir oss fire som jobbar i Høve Støtt høve til å senke skuldrene litt. Målet er at vi skal kunne få ein trygg arbeidsplass.

Men sjølv om prispengane gir gjengen i Høve Støtt eit lite økonomisk pusterom, skal dei ikkje liggje på latsida.

– Reiselivsprisen skal på ingen måte vere ei kvilepute, men heller eit nytt springbrett. Å få denne prisen gir oss ei viktig anerkjenning, noko som betyr mykje når vi ikkje har millionvis av pengar til marknadsføring, seier Medhus.

Når han blir beden om å oppsummere suksessoppskrifta bak Høve Støtt AS, er tonen audmjuk:

– Ein må tørre å innrømme at ein må vere ein del av noko som er større enn seg sjølv, tørre å vise fram det ein kan, og gi dei som er betre enn seg honnør og lære av det. (©NPK)