Kåra til Europas beste lokalavis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er svært hyggjeleg for heile staben i Hordaland. Det er utruleg inspirerande å verta sett pris på av ein fagleg svært sterk internasjonal jury. Men ein pris og ei utmerking må aldri bli ei sovepute, derimot bør det gje oss kveik til å laga ei stadig betre lokalavis til glede for lesarane våre, seier ein godt nøgd redaktør, Sigmund Midttun onsdag morgon.

Grunngjevinga frå juryen:

Hordaland skil seg ut frå dei andre lokalavisene i konkurransen ved å handtera bilete, typografi og framsida.

Framsida er oftast slåande, utstyrt med berre eitt bilete og ei overskrift.

Juryen meiner også at overskriftene i avisa har ein særeigen og moderne effekt.

Hordaland er ei eksemplarisk lokalavis for heile Europa, står det i grunngjevinga.

Vinnarane i kategorien regionale aviser er Berliner Morgenpost. Nasjonale aviser var det Berlingske i København, og i kategorien vekeavis: NZZ am Sonntag frå Sveits.

Fleire norske lokalaviser utmerka seg i årets European Newspaper Award, mellom andre Hallingdølen, Fanaposten og Bygdanytt.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!