Timbuktu spelar for 10.000 elevar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Øystein Akselberg Den svenske rapartisten Timbuktu spelte tre konsertar i Gullbring måndag. På den siste konserten deltok tjue lokale ungdommar på blåse­instrument.

Skandinavias mest kjende rapartist,  Jason «Timbuktu» Diakité, har i regi av Rikskonsertane vore på skuleturné i Telemark i november. Totalt har han spelt for 10.000 barne- og ungdomsskuleelevar over heile fylket i løpet av ein tovekersperiode. Timbuktu er frå Skåne i Sverige og rappar på sin lokale dialekt.

Turnéen skjer i samarbeid med Telemark fylkeskommune og Den kulturelle skolesekken/ Kulturskatten.

Tre fulle hus
I Gullbring blei det tre konsertar på rekkje og rad måndag. Her fekk over tusen elevar frå barne­skular og ungdomsskular i Bø, Sauherad og Nome oppleve den fargerike hip-hop, rap og reggeaartisten. Saman med det sju mann store bandet Damn spelte han fleire av sine hits, blant anna klassikaren «Alla vill till himmel­en men ingen vill dö».

Timbuktu hadde ein direkte og god kommunikasjon med salen.

– Hallå Bø. Mår ni bra, spurte han då han entra scenen.

Han gav seg ikkje før han fekk eit overbevisande og høgt «ja» frå publikum.

Første låten handla om det å ha det bra, sa han og klemte i veg.

Lokal blåserekkje
Bandet Damn har i haust arrangert workshop for elevar på ungdomstrinnet som spelar på blåseinstrument. I Gullbring måndag fekk tjue elevar frå Midt-Tele­mark opptre saman med Timbuk­tu. Dei kom på scena mot slutten av konserten og spelte på dei to siste låtane. Dette blei eit innslag som salen viste å setje pris på. Tilropa til «kjenningar» på scena kom tett.

Frå Bø deltok elleve unge musikarar, alle er elevar i musikk­skulen.

LES SAKA I BØ BLAD!

Lokal ungdom side om side med bandet Damn.

Lokal ungdom side om side med bandet Damn.

Sjefen sjølv, Jason Timbuktu Diakité.