Humringa som varer

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vestlandsrevyen 2: humrande bra

Vestlandsrevyen 2
Premiere 10. november

Med: Halvor Folgerø, Ragnar Hovland, Claus Sellevoll, Olav Stedje og Finn Tokvam
Regi: Arvid Ones og Hilde Sol Erdal
Stad: Logen Teater, Bergen

Etter fire sidan sist, er herrane tilbake på scenen saman i Vestlandsrevyen 2. NRK si distriktssending med same namn jubilerer også i desse dagar, og revyen byrjar med tidlegare Vestlandsrevy-anker Halvor Folgerø som programleiar for ei rekkje gode videoinnslag som sparkar i (særleg) aust – og vest. Av innslaga å døma er det ingen tvil om at Lars Sponheim er favorittfylkesmannen deira. Claus Sellevoll blir henta inn fleire gonger som kommentator – og gjer ein strålande god jobb som mellom anna politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle. Seinare gjer han også svært gode imitasjonar av Jon Eikemo og Dag Lindebjerg – den sistnemnde så skarp som berre andre vestlendingar kan ta snakkesalige bergensarar.

Til forskjell frå Vestlandsrevyen 1 er heltedyrkinga av både Olav Stedje og Ivar Aasen mindre markert. Medan ein i førre revyversjon kunne mistenkja Stedje-dyrkinga mest som romantisk ironi – er det ekte kjærleik denne gongen. Og så feirar jo sjarmørsongaren frå Sogndal 30 år som artist i desse dagar.

Dei fem herrane utfyller kvarandre på strålande vis. Revyskodespelaren Claus Sellevoll er den beste på scenen – både med imitasjonane og den fysiske humoren sin. Men dei andre har kvar sine høgdepunkt. Hovland underspelar på sedvanleg vis, og er kanskje den som ein vil humra mest av i ettertid. Som då han iført Fantomet-trikot tek oss med på besøk til ein annan nynorskhelt. I eit avslørande heime-hos-intervju med Jon Fosse i Grotten får me svar på spørsmålet alle har lurt på: kva juletre han vil ha til jul. Eller når dei alle saman medverkar i historias første nynorske pornofilm live på scenen. Og nynorskhumoren er minst like stades som Vestlandet, som til dømes i normeringsdebatten mellom Hovland (som seg sjølv) og Jon Eikemo (Sellevoll) med konfliktglade Folgerø som sjølv i programleiarrolla.

Vestlandsrevyen 2 er både intelligent og folkeleg – og sameiner det beste frå vestnorske bygderevyar og britisk Monty Python-tradisjon. Det er mindre nyskapande enn nummer 1 – og meir avslappa. Det er ikkje alltid meininga at ein skal le – det held å smila, humra – og kanskje syngja – med.

Har du sett revyen? Kva meiner du?