Vil lage pappagrupper

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Målet til Lysbakken er at menn skal få eit betre tilbod enn dei har i dag. Han meiner at pappagrupper vil vera eit bra tiltak, fortel NRK.

– Medan mødrer har mange tilbod og mange høve til å møtast, så har fedrar få slike moglegheiter i dag. Det å kunne dela erfaringar, få auka sjølvtillit og ha eit sosialt fellesskap i permisjonen, trur eg er like viktig for menn som for kvinner, seier Lysbakken.

Han meiner at menn ikkje lenger treng å måtta trilla barnevogn åleine.

– Vi fedrar har nok i større grad trilla barnevognene åleine, medan kvinner har nokon å trilla med. Eg trur mange fedrar kan tenkja seg å vera med i ei pappagruppe. Dette er sjølvsagt heilt frivillig, men dei forsøka vi har gjort har vist at dette er populært, seier statsråden.

Lysbakken blir ikkje omfamna av Høgre for forslaget.

– Dette synest eg er det reinaste sludder. Fedrane er i ein heilt annan situasjon enn det mødrene er i når dei akkurat har vore gjennom ein fødsel. Eg kan ikkje sjå at dette er ei statleg oppgåve, seier stortingsrepresentant Nikolai Astrup.

Han meiner at menn fint klarer å finna andre ferske fedrar på eiga hand, utan statleg hjelp og finansiering.NPK    

Kva meiner du? Bør nybakte fedre få pappagrupper?