Tiril har med omn på skulen
Elevane i 9B har fått nok av kalde klasserom på Stord ungdomsskule.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er ikkje ventilasjon i klasseromma, og når ein luftar med vindaugene frys heile klassen, seier Tiril Einarsdotter i klasse 9B på Stord ungdomsskule.
– Det er så kaldt her, men det blir jo betre når Tiril sin omn er på, fortel klasseveninna Lene Gjøsæter (13).
Med varme klede på, sit dei to elevane innst i klasserommet og varmar seg ved oljeomnen som Einarsdotter fekk av mor si.
I kveld skal elevane møta opp på rådhuset for å markera at nok er nok, under budsjetthøyringa i Komité for oppvekst og utdanning.