På plass i Rockheim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein nøgd Magne Furuholmen deltok på seremonien på vegner av a-ha.

– Ein blir audmjuk av å bli nemnd i same andedrag som Prøysen, seier Magne Furuholmen til NTB.

Søndag representerte han a-ha under seremonien som markerte dei fem første artistane i Rockheim Hall of Fame i Trondheim. Også Åge Aleksandersen, Jokke og Valentinerne, Wenche Myhre og Alf Prøysen fekk sine plassar på Rockheim.

Nypensjonerte heltar
– Sidan a-ha har pensjonert seg, må det bandet har gjort no leve gjennom historiebøkene. Det er spesielt hyggjeleg å bli valt inn i eit selskap som skal samle musikkhistoria i så mange generasjonar, seier Furuholmen.

Men sjølv ikkje eit medlemskap i Rockheim Hall of Fame får ifølgje Furuholmen a-ha til å ville gjere comeback.

Poenget med Rockheim Hall of Fame er å heidre personar som har betydd mykje for utviklinga og utbreiinga av norsk populærmusikk.

– Medlemmer i Rockheim Hall of Fame har ein spesiell posisjon. Alle medlemmer er likeverdige og verdige, sa prosjektleiar Magne Gisvold i Rockheim Hall of Fame til NTB før seremonien.

Fine ord
I tillegg til Furuholmen var Åge Aleksandersen og Wenche Myhre på plass i salen søndag kveld. Det var også sonen til Alf Prøysen, Ketil, og Håkon Torgersen og Maj Irene Aasen frå bandet til Jokke, Valentinerne, skriv Adressa.no.

Dei fem Hall of Fame-medlemmene vart presentert av ulike personar. A-ha blei heidra av nærings- og handelsminister Trond Giske (Ap), med ein tale som «i seg sjølv var verdt turen», ifølgje Furuholmen. Wenche Myhre blei presentert av Hanne Krogh.

– Ho var den første popstjerna Noreg hadde. Ho har heile tida segla si eiga skute, og vi kvinnelege artistar er heldige som har henne som førebilete, sa Krogh under seremonien, der nærmare 100 personar var samla.

Stemt fram
Artistane er i hovudsak stemt fram av andre artistar, men også av bransjefolk og eit knippe musikkjournalistar. I alt 88 personar har stemt.

Dei nominerte som ikkje nådde opp denne gangen, var Anne Grete Preus, Arne Bendiksen, Audun Tylden, Bjørn Eidsvåg, Lars Lillo-Stenberg, Mari Boine, Popol Vuh, Radka Toneff, Terje Rypdal og The Monn Keys.

– Det viktigaste for oss er at dei som blir medlemmer, føler seg sett pris på. Det skal vere ei heider og ei ære, der folk bli heidra av folk dei sjølv sett pris på, seier Gisvold.

Rockheim er det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock og ligg på Brattørkaia i Trondheim.

Fem i år
Det vil bli stemt inn nye medlemmer i Rockheim Hall of Fame årleg. Kor mange er det nominasjonskomiteen som avgjer. Ifølgje statuttane skal det vere minst ein og maksimalt fem kvart år.

Seremonien søndag heidra dei fem første medlemmene, og mange verdige kandidatar kan no vente på at det skal bli deira tur. Nominasjonskomiteen kjem truleg til å nominere flest kandidatar til Hall of Fame dei første åra, forklarar Gisvold.

– Det er eit etterslep utan like, og det er naturleg å prøve å ta att dette. Men det er viktig at eit medlemskap i Hall of Fame skal hengje høgt, seier Gisvold. (©NPK)

Kven andre norske artistar synst du fortener ein plass i Rockheim Hall of Fame?