Kvit leiing av ungdomsparti

Ungdomspartia satsar på kvite sentralstyremedlemmer.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To av 60 sentralstyremedlemmer i landets ungdomsparti har minoritetsbakgrunn, syner ein gjennomgang som Vårt Land har gjort.

Avisas gjennomgang er gjennomført mellom ungdomsparti som har moderparti representert på Stortinget.

Grunnleggjaren av den fleirkulturelle avisa Utrop, Majoran Vivekananthan, er ikkje overraska over tala.

– Dette er eit mønster som vi finn i heile det politiske systemet. Trass i at det er mange med innvandrarbakgrunn som har komme inn i bystyret i Oslo etter lokalvalet, er det ingen med minoritetsbakgrunn som er komitéleiar, kommunalråd eller byråd, seier han.

Dei to sentralstyremedlemmene med minoritetsbakgrunn har kvart sitt verv i ungdomspartia til Arbeidarpartiet og Framstegspartiet. Khamshajiny Gunaratnam (AUF) er født på Sri Lanka av tamilske foreldre. Ho er oppvaksen i Oslo. Himanshu Gulati (nestformann i FpU) har indiske foreldre og er født i Noreg.

Vårt Lands gjennomgang viser vidare at det finst to kvinner blant leiarane av ungdomspartia. Det er Elisabeth Løland i KrFU og Sandra Nygård Borch i Senterungdommen. (©NPK)