Feirar bøker med fotball

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er det sant at unge gutar ikkje likar å lesa bøker? Vil dei berre spela fotball? Kva kan då vera betre enn Fotballfest, med tøffe forfattarar som les frå fotballbøker, i kombinasjon med ballaktivitetar av mange slag? Atle Berge og Lars Mæhle tek den ballen, fotball- og leseglade jenter og gutar får i pose og sekk på fotballfest på Vikahaugane, idrettsanlegget i verdas største nynorskby.

Tøff i trynet
– I år slår me til med eit heidundrande opningsshow med Heidi Marie Vestrheim, kjent frå barne-tv og Roy Ole Førland, fortel Hege Myklebust, leiar for programkomiteen.

Jubileet vil også bli feira med ein felles bursdagsfest for Falturiltu og den nynorske barnebokklubben Blåmann, som fyller 10 år i år. Her vil publikum få møta dei lokale barnebokforfattarane Roald Kaldestad og Anna Rommetveit Folkestad.

– Tema for festivalen er Tøff i trynet, det er inspirert av den knalltøffe festivalforfattarven vår, Ingelin Røssland, seier Myklebust. Røssland er oppvaksen på Tysnes, og har skrive ei rekkje bøker for ungdom. Ho har særleg gjort suksess med den spennande trilogien om Engel Winge.

LES OGSÅ: Tek superheltinne til Falturiltu

Av andre høgdepunkt trekkjer Myklebust fram teaterframsyninga Få meg på, for faen! med Sogn og Fjordane teater måndagskvelden.

Låtskrivarkurs for ungdom
Unge, lokale band har vore på låtskrivarkurs med vokalisten i Fjorden Baby, og lært å skriva låtar på norsk.

Dei ferske rockelåtane kan du høyra i urframføring på rockekonserten Storden Baby på fritidsklubben på Litlabø.

I tillegg til dette blir det konsertar med nyskrivne låtar både av kulturskuleelevar og musikkstudentar, det blir opplesingar for born, ungdom og vaksne, ein eigen Falturiltu-opera, og ikkje minst den tradisjonelle avslutningsfesten Raltura som er for vaksne.

Dei yngste skal òg ha sitt, og ein skal som kjent tidleg krøkast som god krok skal bli. Ta føremiddagskaffi på kafé, med “Bok og beibi”, og få boktips til dei aller yngste.