Opne for bli med i Høgre-regjering

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til helga er det landsmøte i Senterungdommen. Dei to leiarkandidatane i ungdomspartiet, Sandra N. Borch og Lars Vangen, opnar begge for å søkja makt i ei sentrum-høgre-regjering.

I Nationen i går gjekk leiarkandidatane ut og sa at Senterpartiet må skilja seg frå venstresida i politikken, og ikkje nødvendigvis bør gå til val med Ap og SV.

Framtida.no har spurt dei om kva dei vil gjera om den raud-grøne-regjeringa mistar fleirtalet i 2013. På fleire av dei siste meiningsmålingane ligg sentrumspartia samla framfor Framstegspartiet, og så langt er det berre Unge Venstre som har opna for å samarbeida med partiet. På Norfakta si oktober-måling for Klassekampen og Nationen hadde Høgre, KrF, Venstre og Sp akkurat dei naudsynte 85 mandata som skal til for å få fleirtal i Stortinget åleine – utan FrP si støtte.

Kan det vera aktuelt å bli med i ei sentrum-høgre regjering, for å halde FrP borte frå regjeringskontora?

Sandra N. Borch:
– Ja. Senterpartiet har alltid søkt etter makt, då det er då me har høve til å få gjennomslag for politikken vår. Me ligg i sentrum av norsk politikk, noko som gjer at me kan samarbeide begge vegane. Det er viktig med eit sterkt sentrum i ei kvar regjering, då det er her dei gode og balanserte løysingane finst.

Lars Vangen:
– Så absolutt. Senterpartiet er eit sentrumsparti, vi kan samarbeide begge vegar, me skal ha gjennomslag for vår politikk.

LES OGSÅ: Kjempar om leiarvervet

Rullar ut den grøne løparen
– Etter seks år på rømmen er det på tide at Senterungdommen ruslar heimover. KrFU står klare til å leggje ut den grøne løparen, seier Elisabeth Løland, leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom.

– Eg håpar at Senterungdommen kan pressa frem eit retningsskifte i Senterpartiet, legg ho til.

Ho meiner barnefamiliane, dei frivillige organisasjonane og lokaldemokratiet vil nyte godt av eit sterkare sentrum med Senterpartiet med på laget.

Vil heller ha FrP
– Eg trur det ikkje før eg får sjå det, utbryt Henrik Asheim, leiar i Unge Høgre når Framtida.no ringjer han. Asheim meiner avstanden mellom Senterpartiet og Høgre har vakse seg stor sidan dei samarbeidde i Syse-regjeringa fram til 1990.

– Dei har blitt meir tilhengjarar av å auka budsjetta og tek meir omsyn til landbruket, og har forlatt mange av standpunkta sine på lokaldemokrati og eigedomsrett i regjering med SV.

– Om du kan velja mellom FrP og Sp, kven vil du i regjering med då?

– FrP heilt klart. Dei er eit mykje tydelegare borgarleg parti.

– Leiarkandidatane i Senterungdommen seier at dei kan tenkja seg å gå i regjering med Høgre i ei sentrum-høgre-regjering utan FrP, viss dei raud-grøne tapar valet. Kva seier du til det?

– Jøss, det er heilt nye tonar frå den kanten.

– Veldig gledeleg
Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn seier det er veldig gledeleg at leiarkandidatane i Senterungdommen opnar for deltaking i ei sentrum-høgre-regjering. På spørsmål om han kan tenkja seg å samarbeida med Senterpartiet enn Framstegspartiet, seier han dette:

– Det viktigaste for oss er at me får ei ny regjering og mest mogleg Venstre-politikk. Eg er sikker på at me i sentrum kan finna saman i mykje bra, til dømes i miljøpolitikken, asylpolitikken og frivilligpolitikken. Men så ser ein også at det kan vera vanskeleg å få Senterpartiet med på å kutta i offentleg pengebruk, og både dei og KrF skil seg frå den liberale verdipolitikken vår.

LES OGSÅ: Difor bør Sp ut av regjeringa

Kva meiner du vil vera den beste regjeringa frå 2013?