I karavane for klimaet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika startar om knapt fire veker. Allereie onsdag dreg Eline Elnes Rabbevåg (22) og Steinar Grastveit (27) frå Changemaker og 20 ungdommar frå Ten Sing Norway saman til Nairobi i Kenya. Der skal dei delta på ein afrikansk klimakonferanse for ungdom, og deretter går turen sørover i klimakaravanen.

Changemaker i Kenya står bak karavanen saman med mange andre organisasjonar og trussamfunn.

– Mottoet er ”Me har tru. Gjer noko no for klimarettferd”. Det betyr at me trur det går an å gjera noko med klimaendringane, forklarar Eline Elnes Rabbevåg. Klimakaravanen er eit afrikansk tiltak, inspirert av ein liknande karavane i India i samband med klimatoppmøtet i København.

– Me er med for å visa at me støttar kampen deira, seier Steinar Grastveit.

Får støtte av nobelprisvinnar
Norges KFUM/KFUK globalt er med på karavanen.

– Ten Sing Norway har laga eit show om klimaendringar og skal syngja på konsertar i storbyane undervegs, saman med lokale artistar. Heile karavanen endar i Durban og ein stadionkonsert med plass til 40.000 menneske, fortel Eline Elnes Rabbevåg.

– Erkebiskop Desmond Tutu vil òg truleg koma. Han er ein av dei som har signert underskriftskampanjen vår, legg ho til.

Teltar på savannen
Karavanen vil gå i bussar innom Dar-es-Salaam i Tanzania, og vidare gjennom Malawi, Zambia, Botswana – før Sør-Afrika.

– Me vil vera kring 200 i karavanen, og vil sova i telt på vegen, fortel dei.

Men ingen av dei er redde for å bli løvemat på vegen.

– Eg gler meg. Å bu i telt på savannen er berre eitt høgdepunkt blant mange, seier Eline Elnes Rabbevåg.

Det er ikkje første gong Eline er i Afrika. For tre år sidan var ho 1-åring for Kirkens Nødhjelp, og vitja klimakonferansen for ungdom i Nairobi. Ho tykkjer det er viktig å vera med og visa støtte til afrikanarane sitt klimaengasjement.

– Det er viktig med afrikansk organisering. Det er dei som merkar effektane av klimaendringane mest – både når det gjeld auka matvareprisar og tørke.

– Det går gjetord om denne karavanen. Mange trur på veldig bra mobilisering, seier Steinar Grastveit.

Tverreligiøs karavane
Det er mange afrikanarar som trur, og trua har ein større plass i kvardagen. Karavanen er tverreligiøs, og muslimar vil også vera med. Eline Elnes Rabbevåg har opplevd at fleire afrikanske kristne har vore skeptiske til muslimar.

– Det gjer slike tverreligiøse arrangement endå viktigare. Denne karavanen viser at det går an å samarbeida på tvers av religionane, seier ho.

– Det er jo ein del religiøse leiarar som er likesæle til klimaendringane. Då er det viktig å visa at mange står bak dette. Det er jo ein viktig del av kristentanken å ta vare på Skaparverket, understrekar Steinar Grastveit.

Store forventingar
Changemaker-aktivistane og miljørørsla har store forventingar til Durban-møtet.

– København viste i kor stor grad det går an å bli skuffa. Likeeins var Cancun-møtet i fjor ei gledeleg overrasking, seier Steinar Grastveit.

Begge er spente på korleis det går med avtalen om handel med klimakvotar, og om det blir ei vidareføring av Kyotoavtalen. Avtalen frå 1997 er i ferd med å løpa ut.

LES OGSÅ: Miljørørsla uroa etter oljefunn

– For Changemaker er klimaendringane eit urettferdigheitsproblem. Då må dei rike industrilanda ta ein større bit av kaka.

Mellom anna krev dei ei maks temperaturauke på 1,5 grav over nivået før industrialiseringa.

Studiar og engasjement
Begge to hoppar av karavanen i Zambia etter 15 dagar. Då må dei tilbake til Noreg for å studiar og eksamen. Eline studerer ungdom, kultur og tru på Menighetsfrakultetet.

– Eg kan tenkja meg å jobba i Kyrkja.

Ho var med på å starta opp Changemaker i Molde medan ho gjekk på vidaregåande. I dag er laget eit av dei mest aktive i landet. Ho viser til at Changemaker også har oppplegg for konfirmantar, og at dette er noko ho kunne tenkja seg å jobba med.

Steinar tek master i utviklingsstudie ved Universitetet for Miljø og Biovitskap på Ås, og kan tenkja seg å jobba med miljø og bistand etter studia.

Faktaboks

COP17 – Durban
– 28. november byrjar Den internasjonale klimakonferansen til FN byrjar, COP17, i Durban i Sør-Afrika.
– Målet med årets konferanse er å koma vidare med arbeidet med å bli samde om forpliktande tiltak som kan redusera klimautsleppa. Eit sentralt punkt vil vera ei vidareføring av Kyoto-avtalen.
– På klimakonferansen i Cancun i fjor kom ein lenger enn venta. Mellom anna blei det vedteke at snittemperaturen i verda ikkje skal bli 2 grader meir enn før-industriell tid og avtalt å oppretta eit fond for å finansiera klimatiltak i u-land.
– I tillegg til representantar frå regjeringar verda over, vil frivillige organisasjonar og aktivistar delta med fleire tusen deltakarar på konferansen.

Changemaker
– Changemaker er ungdomsorganisasjon til Kirkens Nødhjelp, for ungdom mellom 13 og 30 år.
– Changemaker jobbar for å endra dei grunnleggjande årsakene til fattigdom og urett i verda.
– Cirka 1800 medlemmar.