Haustmote

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me møter Anna Marøy Austnes og Sebastian Flem Rogne til den einaste klesbutikken i Haram. Begge er rimeleg nervøse for dagens intervju og «fotoshoot», og småtrippar der dei står, klare for utvalde kle og sko frå Motebua og Eurosko.

Prøving
Med fem plagg sprett Anna inn i prøverommet, og kjem utatt etter nokre minutt og pratar til seg sjølv.

– Nei, eg veit ikkje heilt dette her altså.

Ho ser seg granskande i spegelen før ho forstår at det må sminke til.

Medan dette skjer, blir Sebastian vist ulike skjorter, bukser, jakker og skjerf.

Alt må passe saman, ifølgje stylisten Line Kristin Frostad, som slengjer ulike skjerf rundt halsen hans og funderer på kva som vart finast.

– Eg er ikkje den som kjøper mest klede, og har vel eigentleg ikkje peiling på mote. Eg trudde butikken selde bunadar og slikt, men dei har mykje kult, innrømmer Sebastian småflau og ler.

Spegelsjåing og respons
Dei to ungdommane prøver varer frå Eurosko, og Anna er tydeleg fornøgd med sko-valet.

– Å, desse var fine! Dei passar perfekt til mine føter, seier ho.

Dei to ungdommane tek turen ut i Miljøgata med journalisten, stylisten og fotografen på slep. Ungdommane blir stilt opp, medan fotografen knipsar og gir råd saman med Frostad. Etter ei lita stund blir dei vist inn i butikken igjen, og får ein ny haug med klede å skifte til.

Sebastian er raskast ut av prøverommet, og har ein klar favoritt.

– Denne cardigan-jakka var kjempekul, absolutt ein favoritt! Seljar Frostad legg til at strikk er veldig «in» i år, og at med albogelappar får plagget eit røffare preg.

Så kjem Anna ut av prøverommet igjen, og utrykkjer smak for klede og sko.

– Oi, wow! Det kjekkaste med handling av klede er prøvinga og resultatet. Eg føler meg så fin i denne oransje genseren i strikk, og lekre sko. Haustfargane er så flotte, seier Anna.

Motepress
Me spør ungdommane om mote- og sminkepress på skulen, og om moteriktige klede er dyrt. Sebastian er klar på at det ikkje er sminkepress blant gutane på ungdomsskulen, men at ein blir påverka av motemagasin og salsplakatar.

– Motepress er det ikkje mykje av på min ungdomsskule, trur eg. Når ein ser at eit klesplagg er på tilbod, med kanskje halv pris, blir ein veldig freista til å kjøpe. Moods of Norway er på lista mi over kule merkekle, men dei er jo litt dyre.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

Men eg går for kvalitet framfor pris, ler Rogne og stiller seg framfor kamera igjen.

Anna har andre erfaringar når det gjeld motepress.

– Før gjekk eg på skule i Ålesund, og der var motepresset stort. På Haram Vidaregåande kan ein gå i det ein vil. Det er ikkje det same presset på å alltid sjå moteriktig ut.

Elles synest eg merkeklede er veldig dyrt, sjølv om det ofte er verd pengane. Eg prøvar å finne alternativ i klede som er like fine, men billegare. Men vekelønna blir ofte brukt opp på klede uansett.

Først til mølla
Line Kristin Frostad fortel at det kjem unge til butikken kvar dag for å finne nye antrekk.

– Om det er veldig moderne med ei spesiell bukse, er det om å gjere å kjøpe den først. På ein liten plass som Brattvåg, fokuserer gjerne unge på å ha noko som ikkje alle andre har. Det blir litt etter først til mølla-prinsippet, seier Frostad.