Hemsedal tek gjerne OL 2022

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det stadfestar dagleg leiar Trond Østby i Hemsedal Skisenter. At diskusjonen om ein ny norsk OL-søknad har blussa opp i media den siste tida, har ført til OL-prat også innan Skistar-systemet, fortel Østby. Som sponsor for alpint i Skiforbundet, er det heller ikkje unaturleg for Skistar å tenkje i slike banar.

Førebels er planane på eit internt stadium innan Skistar. Østby ser det som eit naturleg neste skritt å ta kontakt med Oslo.

– Hemsedal har terrenget som skal til for å byggje bakkar som fyller krava, og me har mange av dei nødvendige fasilitetane. For utfor må det i tilfelle byggjast ein heilt ny bakke. Det kan også vere tilfelle for super-G, eller me kan eventuelt byggje om den løypa me har, seier han.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!

Bør Noreg senda søknad om å arrangera vinter-OL i Oslo i 2022?