Delt på midten om røysterett

Ungdomspartia er for, mot eller i tenkeboksen, når det kjem til røysterett for 16-åringar.

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge Venstre, Rød Ungdom og Sosialistisk ungdom er for. Unge Høgre og FPU er i mot. KRFU, Senterungdommen og AUF er på ulike vis i tenkeboksen.

16- og 17-åringane i 20 kommunar fekk røysta i kommunevalet no i haust. Forsøket held no på med å bli vurdert.

Myndigheitsalderen
– Vi ser på dette som ei prinsipiell vurdering, og meiner det er viktig å berre ha éin myndigheitsalder, fortel sentralstyremedlem i Unge Høgre, Fredrik Punsvik. Han oppmodar ungdom under 18 år til å engasjere seg, til dømes ved å bli med i eit ungdomsparti.

Også for FpU er myndigheitsalderen viktig.

LES OGSÅ: 16-åringar er flinkare til å stemma

– Det er problematisk om 16-åringar kan røyste, men ikkje er valbare. Vi vil heller at ungdom skal bestemme meir over eigen kvardag på andre vis, til dømes med fritt skuleval og større valfridom i skulen, fortel generalsekretær Espen Teigen.

Ventar på evaluering
– Sjølv om vi synes det er vanskelig å førestille seg ulik myndigheits- og røystealder, er vi veldig spente på resultata frå haustens prøveordning, fortel KRFU-leiar Elisabeth Løland.

Senterungdommen har i utgangspunktet vore imot røysterett for 16-åringar. Dei har vore opptekne av å få fleire mellom 18 og 25 år til å bruke røysteretten sin.

LES OGSÅ: Utvida demokrati gav auka valdeltaking

Men også dei er villege til å vurdere saka vidare, i etterkant av prøveordninga i haust.

AUF var for prøveordninga, og vil vera med på diskusjonen om varig røysterett for 16- og 17 åringane når erfaringane frå årets prøveordning kjem fram.

Demokrati
– Prøveordninga i haust har fungert bra, og har er ei viktig oppmuntring i arbeidet for røysterett for 16- og 17 åringane, seier leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn.

Unge Venstre, SU og Raud ungdom er fast bestemt på å innføre røysterett for 16-åringane, og ser på det som ei viktig styrking av demokratiet.

– Problemet med kanalar som ungdomsråd, er at dei ikkje alltid vert take på alvor. Er du ein veljar, lyt politikarane høyre på deg.  Å bruke røyseretten sin er det viktigaste verktøyet ein har for faktisk påverknad, avsluttar Sveinung Rotevatn.

SKRIVEKONKURRANSE: Korleis vil du påverke framtida di? Skriv deg til premiar for 7000 kroner i konkurransen vår “Makt over eige framtid”!