NSB vurderer flytog til Flesland

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NSB har studert moglegheitene for å byggje lyntog tvers gjennom Bergen til Flesland flyplass. Prisen er rekna til ni milliardar kroner.

NSB har foreslått kvar banen skal gå, kva for tunnelar som ein må grave, og kor lang tid det skal ta frå Bergen Sentrum til Flesland, skriv VG.

– Vi snakkar 13 minutt frå sentrum til Flesland, og da er det innlagt 3– 4 stopp, seier prosjektleiar Marit Petersen i NSB i til VG, men understrekar at dette ikkje er planer, men ein at ein ser på kva som er mogleg.

– Totalt på heile strekninga regner vi ein realistisk rutetid på 20 minutt, seier ho.

NSB har i sin studie lagt toglinja gjennom Fyllingsdalen med ein stoppestad ved kjøpesenteret Oasen. (©NPK)