Enslaved får ærespris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Metalgruppa Enslaved som i år feirar 20 år som band, er tildelt Norsk Artistforbunds ærespris. Kommande måndag kjem kulturminister Anniken Huitfeldt til å overrekkja prisen på vegne av Norsk Artistforbund. Eit av medlemma i gruppa er som kjent etnebuen Ivar Bjørnson, som på line med gruppa har base i Bergen, og dei er det fyrste metalartistbanet som har motteke denne prisen

Framifrå innsats
Enslaved har nyleg avslutta ein vellukka turne i USA og Canada, og fekk nyhenda om pristildelinga under turen. Bandet som har tidlegare har motteke 4 spellemannsprisar, turnerar store delar av året og har bygd seg opp ein solid fanskare både i Europa, USA og til og med i India. At bandet har teke eit særleg bransjeansvar i Noreg har også vege tungt i vurderinga.

Prisen blir given ut frå kollegaer til kollegaer, og vil i år bli delt ut for tiande gong. I statuettane heiter det at prisen skal givast til ein person eller gruppa som har gjort ein framifrå innsats for å fremja norsk song og musikk innan dei genrane Norsk Artistforbund representerer – altså pop, rock eller musikk som er i slekt med desse.

Tidlegare prisvinnarar har vore Hellbillies, Marit Larsen, Henning Kvitnes, Anne Grete Preus, Bjørn Eidsvåg, Jan Eggum, Åge Aleksandersen, Jan Teigen og Nora Brockstedt.

LES SAKA I GRANNAR!