Det Norske Teatret byr på 27 førestellingar i 2012.

NPK-NTB
NPK-NTB

I eit vidt spekter frå Bertolt Brecht til elleville fotballopera, har teatersjef Erik Ulfsby komponert i alt 27 heilaftans førestellingar.

– Vi har moderne, internasjonal samtidsdramatikk, klassikarar i nye innpakningar og nye norske storsatsingar. Og faktisk også ein opera, oppsummerer Ulfsby.

Ane Dahl Torp tolkar Brecht
På hovudscena vil «Det gode mennesket frå Sezuan» av Brecht ha premiere 13. januar med Ane Dahl Torp og Tobias Santelmann i hovudrollene. Brecht-kjennaren Philip Tiedemann står for regien.

– Eg såg stykket for ei tid tilbake på Nationaltheatret. Akkurat no går eg berre å dagdrøymer og lengtar etter å kome i gang, seier Dahl Torp til NTB.

– Dette stykket er både interessant og tankevekkjande, seier ho.

Fotball-opera
På hovudscena med premiere 23. mars kjem den sprudlande og komiske operaen «Norge-Brasil», sett saman av tekstane til Are Kalvø og musikk av Helge Førde.

– Ein tullete opera om sterke kjensler frå junidagen i 1998 då Noreg slo Brasil i ein kamp i fotball-VM, seier Kalvø.

Musikalen «Evita» er også sett opp på hovudscena neste år, men der må publikum ha litt meir tolmod. I regi av Svein Sturla Hungnes og med Heidi Gjermundsen Broch og Frank Kjosås i hovudrollene, er stykket først premiereklart 31. august neste år. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE