Nettbrettnyheiter populære – men få vil betale.

NPK-NTB-AFP
NPK-NTB-AFP
Stadig fleire brukar nettbretta sine til å få med seg nyheiter. Men få er villige til å betale for tenesta, viser ein ny studie.
 
Rapporten frå Pew Research Center og The Economist Group er dårleg nytt for mediebedrifter som har satsa på nettbretta som ei ny inntektskjelde i staden for dei tradisjonelle papiravisene.
 
Forskarane har granska korleis nettbretteigarar faktisk brukar dei digitale nyskaffingane sine. I dag har 11 prosent av amerikanarane skaffa seg eit nettbrett. Ifølgje undersøkinga brukar over halvparten, 53 prosent, nettbretta sine dagleg til nyheitslesing. Men berre 14 prosent har i dag betalt for ei slik teneste, og berre ein av fem seier dei er villige til å betale 30 kroner i månaden – eller ei krone om dagen – for tilgangen.
 
– Då nettbrettet kom, trudde mange observatørar at dette kunne endre dei økonomiske vilkåra for digitalt nyheitskonsum. Men den trua var basert på at folk ville laste ned spesielle nyheitsappar – som organisasjonane kunne ta betalt for, seier forskarane bak undersøkinga.
 
I staden viser resultatet deira at dei fleste les nyheiter gjennom vanlege nettlesarar. (©NPK)
 
Kva skal til for at du skal vera villig til å betala for nyhende på nett?
Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE