Rekord for tv-aksjonen
207 millionar samla inn til Norsk Folkehjelp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norsk Folkehjelps rydding av miner og klasebomber i seks land fengde det norske folket. Ved sendeslutt søndag hadde tv-aksjonen samla inn meir enn 207 millionar kroner.
Generalsekretær Liv Tørres i Norsk Folkehjelp er overvelda.
– Dette beløpet er langt over det vi hadde håpa, det er heilt fantastisk! Dette gir oss moglegheita til å rydde endå meir land fritt for miner, klasebomber og blindgjengarar som ligg igjen etter krig og konfliktar. Vi har hatt tv-aksjonen to gonger tidlegare, men dette slår alle tidlegare rekordar for vår del, seier Liv Tørres.
Pengane frå årets aksjon går til arbeidet med å fjerne miner og klasebomber i Bosnia-Hercegovina, Libanon, Laos, Vietnam, Sør-Sudan og Tadsjikistan. (©NPK)