Den store dagen

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Den store dagen

Heldigvis skriv amerikanske presidentar dagbøker. Dette gjer dei for å spare arbeid når dei seinare skal skrive biografi. Då er det berre å gi dagbøkene til ein svolten assistent som trur ho har ei framtid i politikken, be henne stryke det som ikkje passar, velje eit heroisk omslagsbilde, skrive «My life» på framsida og sende skiten til trykkeriet.

Som dei fleste som jobbar i media i Norge, så kjenner også eg nokon eg kallar «ei sentral kilde i Det Kvite Hus», sidan det høyrest mykje tøffare ut enn å skrive namnet hans. Denne sentrale kilda har funne dagboka til Obama for torsdag denne veka, dagen Obama møtte Stoltenberg.

«06.00: Tidlig oppe i dag for å sjekke norske nettaviser. Det gjer eg naturligvis kvar dag, men var ekstra grundig i dag. Sjekka VG, NRK, Aftenposten, Nettavisen, Adressa, seher.no og bloggen til Trine Grung.

Kjenner at eg er spent. Det er berre ti timar til eg skal møte Jens Stoltenberg. Ikkje fritt for at det kriblar.

06.30: Ferdig med nettavisene no.

Eg forstår naturligvis at dette møtet er større for USA enn for Norge, men likevel: Kjenner eg er litt skuffa over at det står meir om Marianne Aulie enn om meg i norske aviser. Ikkje eit vondt ord om Marianne Aulie. Interessant kunstnar. Hyggelig at ho er gravid. Men det er rart med det: Forholdet til Norge er noko av det viktigaste for meg. Og då håper ein jo gjerne at det er gjensidig.

07.00: Tok ein joggetur. Vaktene ropte oppmuntringar til meg: «Stor dag i dag!» «Lykke til med Stoltenberg!» Sånne ting. Sette pris på støtten. Ni timar igjen no. Nervøs.

07.45: Sjekka dei norske nettavisene igjen før eg gjekk i dusjen. Ikkje noko nytt om meg. Men ho sunnmøringen i Idol har visstnok øyresus. Desto meir imponerande at ho syng så fint. Skal tru om det går an å stemme i norske Idol med ein amerikansk telefon?

08.00: Ringde Harald Stanghelle og ein del andre norske redaktørar og kommentatorar. Det gjer eg også kvar dag, naturligvis, men det var spesielt i dag. Ville jo gjerne høyre om det var noko nytt om den saka som har opptatt meg tjuefire timar i døgnet den siste veka: Kva blei eigentlig sagt i telefonsamtalen mellom Stoltenberg og Bush for seks år sidan? Det har jo gått rykte her om at Bush var sur på Stoltenberg og at det var derfor det var eit ugreitt forhold mellom Norge og USA. Eg kan leve med mykje, men ikkje med eit ugreitt forhold mellom Norge og USA. Det taklar eg berre ikkje. Det var derfor eg ville bli president også, for å rette opp att forholdet til Norge. Det med «Change» var berre noko ein av dei svoltne assistentane mine fann på.

09.00: Satt og såg på den trønderske parodien på Clooney-reklamen då telefonen ringde. Det var ein av dei svoltne assistentane mine.

«Ikkje plag meg no,» sa eg. «Jobben din er å vente til eg går av, stryke det som ikkje passar i dagbøkene mine, finne eit heroisk omslagsbilde og sende skiten til trykkeriet. Ikkje forstyrr meg når det berre er sju timar til eg skal møte Jens Stoltenberg.»

«Det er Hillary,» svarte ho. «Gaddafi er død.»

Eg var sjokkert. Eg er klar over at Libya er eit land utan demokratiske tradisjonar og utan respekt for internasjonal lov. Men å drepe diktatoren den dagen eg skal møte Jens Stoltenberg?!? Finst det ingen grenser for barbari?

10.00: Ringde dei norske redaktørane igjen for å høyre om det var noko nytt om telefonsamtalen for seks år sidan. Ingen av dei hadde tid til å snakke med meg. Gaddafi er død, sa dei. Dessutan kjem skattelistene snart.

Eg kjenner meg ikkje spesielt viktig no. Kanskje Stoltenberg avlyser heile greia? Kanskje får eg aldri sjansen til å gjere godt igjen det Bush øydela?

11.00: Han kjem sikkert ikkje til å komme.

12.00: Har begynt å drikke no. Hadde eigentlig tenkt å øve litt meir på dei norske setningane mine:

«Norge har alltid hatt ein spesiell plass i hjertet mitt.»

«Eg liker ikkje Morten Olsen.»

«Kan ein stemme i norske Idol med ein amerikansk telefon?»

Men det er ingen vits no.

13.00: Lunsj med familien. Lutefisk-grandiosa. Litt akevitt. Litt meir akevitt.

14.00: Sjekka dei norske nettavisene igjen. Historia om telefonsamtalen tydeligvis ikkje så viktig no. Nei nei. La la.

15.00: Scshkskej hschwa? Why?

15.55: Ein av dei svoltne assistentane mine seier Stlotenbreg er her! Yess! Han kom!! Juhu!! Glad no. Skikeklig gald. Berre så synd eg er dritings. Håper han ikkje merkar noko.»

Denne artikkelen stod først i Aftenposten 22. oktober.