Redsla under bakken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 1994 kom Nihad Sijamhodzic til Noreg og Edland. Då hadde han vore soldat i heimlandet Bosnia-Hercegovina, og opplevd kva frykta for miner gjer med ein. No vil han setje fokus på mineopprydding i området han kjem frå.

Kvar tredje innbyggjar og kvart fjerde busetjingsområde er ramma av trugsmålet om nedgravne miner, blindgjengarar og forlaten ammunisjon etter den blodige krigen som rasa i Bosnia. I fylgje Norsk Folkehjelp er over 3 prosent av det samla arealet i landet kontaminert eller mistenkt kontaminert av miner. Bosnia-Hercegovina er eit av landa med flest offer for miner og blindgjengarar i gjennomsnitt per million innbyggjarar. Sidan 1992 er det registrert over 5.000 offer for slike skjulte våpen i landet.

Nihad bur langt unna minetrusselen no, men gløymer han ikkje.

– I området der kona mi kjem frå, eit lite stykke unna heimplassen min, er store skogsområde avsperra med åtvaringsskilt. Det er eit utruleg flott område med ein fin turstig. Men går ein utanfor turstigen veit ein ikkje kva som kan skje. Overalt heng skilt som fortel om faren for miner, seier Nihad.

– Ingen som veit
Han fortel at det aldri har vore undersøkt om det faktisk finst miner i området, eller om det berre blei hengt opp skilt til skrekk og åtvaring under krigen. Difor har han eit sterkt ynskje om at myndigheiter eller organisasjonar som Norsk Folkehjelp skal setje i gang eit slikt arbeid der.

QUIZ: Kva veit du om krigar opp gjennom historia?

– Ein må vere hundre prosent sikker på at området er minefritt før ein opnar det, og det er klart at det er eit omfattande arbeid. Enno er det ikkje bevist at det finst miner der. Eg har høyrd ei historie frå nokre jegerar som var på rådyrjakt, der dei høyrde det small og såg eit forskremd rådyr. Men dei torde ikkje gå og sjekke. Det er ingen menneske som går forbi dei skilta, seier Nihad alvorleg.

– Når ein kjem opp i høgda, ser ein at store delar av området, særleg skogsområde, er forlate. Under krigen var det berre bakkekampar der – området eigna seg berre til slik krig. Difor minela dei området for å forsvare seg. Eg var sjølv med i krigen som soldat i 1992, så eg veit litt om kva ein gjer for å forsvare seg mot fienden, seier han.

– Eit helvete
– Kven som la miner akkurat her veit eg ikkje, men serbarane hadde ein kaserne i området, så truleg var det dei. Men det var slett ikkje berre serbarane som brukte slike våpen – det gjorde alle partane i krigen. Heile krigen var ikkje anna enn helvete og faenskap same kva side ein var på, seier Nihad stille.

Den tidlegare soldaten fortel ikkje så mykje om opplevingane han hadde som soldat.

– Men krigen hadde berre taparar. Ingen vinnarar.

Han er meir oppteken av kva ein kan gjere framover.

Hindrar utvikling
– Styresmaktene ser ikkje at det er viktig å rydde opp her, for å sikre utvikling og ei framtid. Dei greier ikkje å semjast om ein felles veg framover. Difor håpar eg me kan få hjelp til å rydde området av andre organisasjonar, seier han.

Minene representerer nemleg ikkje berre frykt og ei fare for tryggleiken til innbyggjarane. Dei er også eit stort hinder når det gjeld oppbygging og utvikling i landet.

– Bosnia er eit utruleg fint land, med mykje flott natur som ingen tør å bruke. Og kven tør å bygge noko i eit område når ein ikkje veit om neste spadetak fører til at ein sprengast i lufta, spør Nihad retorisk.

Ynskjer å vise fram
Han har eit ynske om å ta med ei gruppe ned til områda der han og kona kjem frå, for å vise det fram og reise rundt. To år på rad har han reist ned dit saman med Ragnvald Christenson, og dei ynskjer å ta med fleire på neste tur.

– Men der finst ingen overnattingsplassar, ingen stadar ein kan ta i mot turistar. Ingen tør å bygge noko der. Eit skogbruksselskap bygde eit motell der for nokre år sidan, men så blei det oppdaga eit minefelt 7-8 meter bak det. Motellet er ikkje i drift. Kven vil vel feriere på ein plass der ein berre kan bevege seg på ein liten betonglagt parkeringsplass?

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Faktaboks

Krigen i Bosnia

– Varte frå 6. april 1992 til 14. desember 1995.
– Blir rekna som den blodigaste og mest kompliserte av krigane ved oppløysinga av det tidlegare Jugoslavia.
– Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for det tidlegare Jugoslavia reknar med at 102 000 menneske døde under krigen, av desse 55.261 sivile. Over 40.000 blei voldtatt og om lag 1,8 millioner menneske måtte flykte frå heimane sine.
– Krigen var kompleks, og eit resultat av mange årsaker. Politiske, sosiale og tryggleiksmessige kriser som fylgje av slutten på den kalde krigen og fallet av kommunismen i tidlegare Jugoslavia, oppbrotet av Jugoslavia som starta med Kroatia og Slovenia og dei påfylgjande krigane var også ein viktig faktor. Ei av de mest kjende hendingane frå krigen er Srebrenica-massakren.
– Ei av årsakene til at krigen blei så kompleks var at Bosnia-Hercegovina var den einaste jugoslaviske republikken som ikkje hadde ein klar majoritet av ein enkelt etnisitet, og at hovudstaden Sarajevo også var blanda.
– Dei tri store folkegruppene som levde i Bosnia var serbarar, kroatar og bosnjakar, men krigen var aldri ein krig med tri openbare frontar. Dei tri partane bytta alliansar opptil fleire gonger, men i all hovudsak var kroatane og bosnjakane meir einige og stod saman mot serbarane som ynskte å halde fram unionen med Jugoslavia.
– Partane signerte fredsavtala Dayton-avtala i Paris 14. desember 1995.
Kjelde: Wikipedia

Norsk Folkehjelp

– I år gjeng inntektene til TV-aksjonen til Norsk Folkehjelp sine mineryddingsprosjekt. Aksjonsdagen er i morgon.
– Norsk Folkehjelp er fagrørsla sin humanitære solidaritetsorganisasjon.
– Dei arbeider innan desse fire hovudområda: Langsiktig utviklingssamarbeid (internasjonalt), mine- og eksplosivrydding (internasjonalt), sanitet og redningsteneste (nasjonalt) og flyktning-, asyl- og integreringsarbeid (nasjonalt).
– I dag driv dei mine- og eksplosivryddingsarbeid i desse landa: Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Serbia, Angola, Etiopia, Guinea-Bissau, Sør-Sudan, Kongo DRC, Kambodsja, Laos, Tadsjikistan, Thailand, Vietnam, Irak, Jordan, Libanon, Libya og Mauritania.
Kjelde: folkehjelp.no