– Kjensla av håpløyse var verst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I morgon er det klart for årets TV-aksjon. Innsamlinga går til Norsk Folkehjelp og deira program for å rydde miner og klasebomber i land som har vore herja av krig. Laos, Bosnia-Hercegovina, Libanon, Vietnam, Sør-Sudan, Guinea Bissau og Tadsjikistan er kanskje dei landa der det ligg flest udetonerte farar i dag. Det er også dei sju landa der Norsk Folkehjelp ynskjer å bruke mest ressursar til å rydde. For å kunne bli sjølvforsynte med jordbruksprodukt må bøndene ha jord å dyrke. Og det må vere jordlappar utan farleg sprengstoff under overflata.

Miner lemlestar
– Miner er grufulle våpen som har som føremål å lemleste folk. Eg har sett kva miner kan gjere med uskuldige, og eg skjønar kor viktig det er å få rydde slikt av vegen, seier Olaf Krogh.

Han var fyrste gong i Norsk Folkehjelps teneste i 1993. Då arbeidde han eit halvt år i Mosambik.

– Eg hadde berdeskapsansvaret og var ambulansesjåfør. Den eigentlege oppgåva mi blei etter kvart å ta vare på lokalbefolkninga i Tete-provinsen nordvest i Mosambik, fortel Olaf.

Han arbeidde som ambulansesjåfør ved Tokke ambulanse på dette tidspunktet, og berre to veker etter at søknaden var levert, var han på veg til det for han ukjente landet i Afrika.

– Menneska der nede var veldig gjestfrie og trivelege. Det var vel i grunn det einaste eg hadde høyrt om Mosambik, i tillegg til at eg visste at dei snakka portugisisk, smiler Olaf.

Ta og gje
Landet var ikkje i krig då Krogh var der i 1993, men det hadde tidlegare vore indre strid om makta.

– Partane bestod av dei største partia, regjeringspartiet Frelimo og opposisjonspartiet Renamo som i si tid hadde geriljastøtte frå Sør-Afrika. Det var stillingskrig då me var der nede, og ikkje krigshandlingar. Me måtte vere forsiktige og partane hadde kontroll over kvar sine område i landet. Det blei slik at me måtte forhandle med partane for å bevege oss der me ville og måtte. Det beste kortet på handa var som regel å hjelpe med medisin og behandlingar, hugsar Olaf.

Arbeidsoppgåvene blei mangfaldige og noko av det viktigaste var å lære opp dei lokale innbyggjarane slik at dei kunne bli sjølvhjelpne etter kvart. Det innebar å lære opp både soldatar og sivile til å behandle skadar og sjukdom, i tillegg til å lære dei varsemd i høve til alle dei skjulte minene.

– Ikkje minst var det viktig å lære dei korleis dei skulle behandle folk som hadde fått tropiske sjukdomar. Eg må nok tilstå at eg blei ganske familiær med Felleskatalogen der nede. Altså oppslagsboka som lækjarane brukar for å finne rette medisinen til dei enkelte behandlingane, smiler Olaf.

Grufulle våpen
Som beredskapsansvarleg var han også med under mineleitinga som Norsk Folkehjelp stod for. Han gjekk bak i rekka som snigla seg fram på åkerlappane i Mosambik.

– Heldigvis opplevde eg aldri at nokon av våre folk utløyste miner. Det var forskjellige miner som låg ute i feltet og ein type gjekk under namnet «Beast from the East», truleg ei russiskprodusert mine. Når det blei rørsle i bakken ved sida ei slik mine, spratt ho oppi brysthøgde før ho eksploderte. Ein kan berre tenkje seg kor fryktelege skadar slikt kunne føre til. Elles var det også mindre miner som blei utløyste når dei blei utsette for trykk rett ovanfrå. Då eksploderte dei opp til knehøgde på dei eller den uheldige. Dermed var og er det framleis mange som mistar både det eine og båe beina. Miner er forferdelege og avskyelege våpen, seier Olaf tankefullt.

Olafsbu
– Korleis var det elles i Mosambik?

– Det var varmt for å seie det mildt … me målte 52 grader ein dag der nede. Då fann eg ut at eg måtte setje opp eit lite le for å få skugge. Dermed leigde eg ein innfødd til å setje opp pålar med tak på. To dagar, 45 kroner seinare og Olafsbu var eit faktum, ler Olaf.

I 1996 gjekk turen til Angola, og då sa Olaf ja til å vere der eit heilt år. Oppgåvene blei mange av dei same som i Mosambik, og arbeidsgjevaren var framleis Norsk Folkehjelp.

– Fyrst og fremst bestod jobben min i å observere, det vil seie at eg farta mykje rundt og sjekka at dei oppgåvene me skulle gjere, blei utført etter planen. Ein slags oppsynsmann kanskje, smiler han.

– Var det stor forskjell å kome til Angola i høve til Mosambik?

– På ein måte visste eg meir kva eg gjekk til, men landet og ikkje minst folka var veldig forskjellige frå Mosambik. Eg må berre tilstå at dei ikkje var like mykje å stole på, og det var mykje kriminalitet i Angola, hugsar Olaf.

Forsiktig – ikkje redd
– Korleis gjekk de fram når de var ute og søkte etter miner?

– Me tok for oss meter for meter med ein følestav eller «proddar» som me kalla han. Denne blei stukken på skrå ned i jorda slik at me ikkje skulle råke minene ovanfrå og dermed detonere dei. Det var eit tidkrevjande arbeid, og me bruka ikkje hundar eller andre mekaniske innretningar då, seier Olaf.

Han vedgår at han var nokså pysete i starten, både i Mosambik og Angola, men at han aldri var engsteleg.

– Det var heilt nødvendig å vere litt pysete og ta det med ro. Me fekk mange formaningar, og det skjønar eg godt. Kjensla av å hjelpe folk er fantastisk, men tanken på at du skulle gjort så mykje meir er samstundes også veldig sterk. Akkurat det gjev ei kjensle av håpløyse, sukkar han.

– Var det noko mønster når det gjaldt kvar de fann miner?

– Nei, det var eigentleg ikkje det. Derfor var arbeidet veldig krevjande. Me prioriterte å søkje i område som eigna seg til jordbruk og dyrking. Eg kjem i hug ein 12 år gamal gut som hadde vore uheldig og utløyst ei mine. Det var ikkje noko vakkert syn. Eg var faktisk med på heile operasjonen som varte i fire timar. Guten kom inn ved titida på føremiddagen, og det var ikkje tid til å operere han før klokka sju om kvelden. Han hadde fått fingrar og ein fot sprengt vekk. Det var ei ufatteleg sterk oppleving, seier Olaf ettertenksam.

Fantastisk føremål
– Så kva tankar har du kring årets TV-aksjon og kva pengane skal gå til?

– Eg veit kor viktig dette arbeider er, og kvar krone kjem til nytte. Å utdanne lokale folk til å bli sjølvhjelpne er etter mitt syn den beste måten å hjelpe på. Ei aktiv minerydding slik at folk kan dyrke jorda og skaffe eigen mat er uvurderleg. Eg har lenge venta på ein TV-aksjon som dette, seier Olaf fornøgd.

– Og eg veit av erfaring at Norsk Folkehjelp er gode på dette, og at organisasjonen er høgt akta av alle partar, avsluttar den sympatiske mannen.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!