Forklarte med kjempeboble
Utstilling skal rekruttera ungdomar til kraftbransjen og realfaget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
E-CO Energi si energiutstilling i Aurland, den første av to utstillingar straumprodusenten skal byggja opp, har som siktemål først og fremst å fortelja om framstilling av rein energi, basert på vasskraft. I tillegg skal utstillinga, som særleg er sikta inn mot ungdomar i alderen 14 til 18 år, vera med og rekruttera ungdomar til kraftbransjen og realfaget.
40 års historie
Administrerande direktør Tor Olaf Rimmereid i E-CO Energi fortel at både utstillinga dei opna i Aurland onsdag, og ei tilsvarande utstilling som blir opna på Gol i 2012, skal vera med å få ungdom interessert i kraftbransjen.
– Og særleg håpar me at jenter skal få hug til å utdanna seg innan dette faget, anten dei vel ei fagutdanning eller høgare realfagsutdanning, seier Rimmereid.
Syningssenter
Utstillinga tek også føre seg kraftutbyggingssoga i Aurland, Sidan Oslo Lysverker starta utbygging i Aurlandsdalen på 1960- talet, og fram til i dag.
– Me er ikkje so veldig synlege i Aurland i dag, men med mellom 45 og 50 tilsette, er me ein stor arbeidsgjevar i Aurland. Og kraftproduksjonen trur eg er ei særs viktig inntektskjelde for kommunen, seier Tor Olaf Rimmereid.
Ordførar Noralv Distad er godt nøgd med at utstillinga i Heradshuset no er komen på plass. Og han trur at også turistindustrien i Aurland kan nytta seg av det nye tilbodet.
– Det er mange turistar som kjem til Aurland som er klar over at me er ein kraftkommune. No kan me bruka denne utstillinga som eit syningssenter, der dei kan få eit innblikk i korleis rein energi blir produsert, seier Distad.
Samarbeid
Fiks ferdig har energiutstillinga i Aurland kosta E-CO Energi i nærleiken av ein million kroner.
Utstillinga er blitt til som eit samarbeidsprosjekt mellom E-CO Energi og Aurland kommune. Kommunen administrerer utstillinga, og det er ein kommunalt tilsett som tek seg av omvising i utstillinga.