Lars Vaular snart ute med sitt fjerde album.

Anette Hjelle Volden/Studvest
Anette Hjelle Volden/Studvest

Du kjem snart ut med ditt fjerde album «Du betyr meg», kva betyr tittelen?

– Det er eit godt spørsmål. Det kan bety veldig mange ting. Eg fann det på ein vegg ein gang og vart gåande å tenke på det ei veke. Det er ein veldig god tittel.

Korleis føles det å vere så ung og allereie ha laga fire album?

– Eg føler meg eigentleg gammal. Men dette albumet er betre enn dei andre eg har laga. Eg føler at eg har brukt fire album på å lage noko heilskapleg. No føler eg verkeleg at eg har fått uttrykt meg, og det er eg nøgd med. Eg har klart å snevre inn kva som er viktig, og eg føler tekstane heng meir saman. Det er eit tekstunivers som går igjen og musikken er meir gjennomtenkt enn det eg nokon gang har gjort.

Så det er dette du vil gjere i lang tid framover?

– Ja, det er det, trur eg. Eg skal i alle fall lage musikk, men det andre rundt er eg ikkje så glad i. Det utanom.

Som å springe rundt og vere med på intervju i Studvest?

– Ja, eller i alle studentaviser.

Kva for nokre forventningar har du til responsen på plata di?

– Eg gledar meg eigentleg berre. Eg har jo gjort dette eit par gonger no, så eg har lært meg at det ikkje er alfa og omega kva kritikarane seier. Likevel er det gøy når folk skjønnar noko av det eg prøvar å formidle. Det er jo samtidig ikkje eit mål at alle skal like musikken min.

Kva for ei målgruppe vil du skal like musikken din?

– Eg lagar jo veldig variert musikk, så det er vanskelig å definere. Men det er jo alt frå kids som ikkje orkar å gå på skulen, til mødrene deira eller 50-åringar som synst det er fett at eg skriv på norsk.

Korleis merkar du at mødrene til kidsa likar musikken din?

– Eg får mykje feedback på både Facebook og Twitter. Av og til veit eg ikkje om det er dattera eller mora som eigentleg vil ha autografen.

Samarbeidar du med andre artistar på den nye plata?

– Ja, det er eit par. Blant anna John Olav Nilsen, OnklP, Sturle Kvilekval, Vågard og Stor P frå A Laget og Thomas Eriksen. For dei fleste har eg hatt ein fast plan for kva dei skal gjere, medan låta med John Olav Nilsen har me samarbeida om.

Kva er favorittlåta di på det nye albumet?

– Eg likar jo alle låtane, men det er ein som heiter «100 sanger» . Den er fin, den høyrest litt spesiell ut. Kan hende eg er den einaste som likar den sangen.

LES SAKA I STUDVEST!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE