Moods of Norway vil ta New York

Etter eventyrleg suksess i Los Angeles vil Moods of Norway-gründerane no leggja New York for føtene sine.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Akkurat no er vi på leiting etter eit passande butikklokale, seier Simen Staalnacke i Moods of Norway til NTB, som møter han på hippe Bowery Hotel i New York.

Amerikanarane har lagt sin elsk på dei muntre og fargerike kleda til vestlandsgutane Staalnacke, Peder Børresen og Jan Egil Flo, som på få år har bygd opp motefirmaet til eit internasjonalt design- og forretningseventyr.

– Kome langt
To år etter at Moods of Norway satsa i USA, peikar alle piler oppover. Selskapet har ein eigen butikk i Los Angeles og sel også dei spretne og fargerike kolleksjonane sine i seksti uavhengige butikkar over heile USA, mellom anna i den store varehuskjeda Macy's. Talet på utsalsstader har nesten dobla seg på eitt år.

– Vi har kome lenger på to år her enn det vi gjorde i Noreg, seier Staalnacke. No er det altså New York som gjeld. Men vil dei blaserte newyorkarane kle seg i rosa og turkise ruter?

– Vestkysten er heilt klart meir fargerik i bruken av klede. Men New York har fleire sesongar, og her kan vi selja både sommar- og vinterkolleksjonar, forklarer Staalnacke, som har stor tru på suksess også her.

Traktor og vaflar
Moods of Norway-merket blir meir og meir kjent i USA og er samtidig ei god marknadsføring av Noreg, som selskapet brukar svært så aktivt i marknadsføringa.

– Moods er den vesle babyen vår. Vi er glad i landet vårt og spelar på rotnorske verdiar. Det er gøy at det fungerer i utlandet, seier Staalnacke.

Vestlandsnatur med fjell og fjord og ein gråtasstraktor i bakgrunnen blir brukt aktivt i marknadsføringa av Moods-kolleksjonane, og i butikken i Los Angeles blir det servert nysteikte vaflar.

Pris
Suksessen til Moods of Norway i USA har ført til at Staalnacke og gründerkollegaene hans no får prisen Trade Awards, som blir delt ut av Det norskamerikanske handelskammeret. Prisen blir delt ut i New York torsdag av kong Harald og dronning Sonja.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

– Det er fantastisk hyggjeleg å bli sett pris på og ei stor ære å få prisen av kongen og dronninga, seier Staalnacke, som håpar at kongen ein dag kler seg i ein dress frå Moods of Norway.

– Det hadde vore fint. Dei er jo dei fremste ambassadørane for Noreg vi har, og dei bør bruka meir norsk design, seier han.

Asia
Moods of Norway har likevel ikkje tenkt å nøya seg med Europa og USA og har så smått byrja å sjå mot Asia også.

– Førebels tek satsinga i Europa og USA det meste av tida, men vi har nyleg gjort ein avtale med Harvey Nichols i Hongkong om å selja kleda våre der, seier Staalnacke og forklarer at Moods of Norway reknar med å gå inn på andre marknader i Asia ein gong dei neste to til tre åra. (©NPK)